Hopp til innhold

Send oss dine beste påskebilete - vinn DAB-radio

Er du ein av mange som tek bilete av folk, natur og andre påskeopplevingar? Del bileta med oss og bli med i trekninga av fine premiar, mellom anna ein DAB-radio.

Sognefjellet påskaftan påska 2015

SKIPÅSKE: Dette biletet er teke på Sognefjellet påskaftan og er eitt av fleire bilete i fotokonkurransen.

Foto: Lars Magnar Røneid

Påska er høgtid, også for bilete! Difor inviterer NRK Sogn og Fjordane no alle til å sende inn sine påskebilete. Tenk gjerne litt utanfor boksen, ver kreativ og ta gjerne bilete av noko anna enn ei appelsin i solveggen.

Her er nokre enkle tips til korleis du kan ta betre bilete:

  • Gå nærare det du skal ta bilete av
  • Ikkje ta bilete mot sola
  • Ta bilete av noko anna enn maten du har med deg
Påskekyllingar
Foto: Eva Rake

(Eva Rake har teke biletet over)

Det er fleire måtar du kan dele dine påskebilete med oss:

  • Instagram – merk bileta med emneknaggen #NRKSF og ta gjerne med kvar biletet er teke. Då kjem du med på biletkartet vårt
  • Send bilde som MMS med kodeord SF til 1987
  • Send oss bilete via Facebook-sida vår
  • Bruk epost sf@nrk.no

Slik deler du Instagrambileta dine med NRK Sogn og Fjordane

Instagram Sogn og Fjordane
Laster innhold, vennligst vent..