Hopp til innhold

Seks meter høg brøytekant – og det blir verre

Store snømengder fører til utfordringar for dei som skal brøyte Tindevegen i Sogn.

Tindevegen - Ringsdalen

HØGE BRØYTEKANTAR: I Ringsdalen, nokre kilometer frå Turtagrø, er skjeringane seks meter høge.

Foto: Anders Fortun

Brøytinga av vegen mellom Øvre Årdal i Sogn og Turtagrø i Vest-Jotunheimen starta måndag denne veka. Snømengdene i år er mellom dei største sidan vegen vart opna i 1970

– Vi brøyter frå begge sider, og no har vi kome opp på Bandet frå Turtagrø og til Murane frå Årdal, seier styreleiar i Tindevegen, Frank Eldegard.

Biletet øvst i artikkelen er teke ved Ringdalsbommen på Turtagrø-sida. Der er brøytekantane seks meter høge.

Frank Roger Eldegard

HÅPAR PÅ NY GOD SESONG: Styreleiar Frank Eldegard.

Foto: privat

Men Eldegard reknar med at det blir verre når dei kjem til strekninga mellom Berdalen og bomstasjonen.

– Der har vi hatt åtte meter høge skjeringar tidlegare, og det blir spennande å sjå korleis tilhøva er når vi kjem dit.

Satsar på opning 6. mai

Etter planen skal Tindevegen opne for trafikk 6. mai. Om det held er avhengig av at utstyret fungerer som det skal.

– Torsdag hadde vi driftsstans fordi vi måtte reparere ein aksling på eine snøfresaren. Men vi håpar at vi har fått brøytt gjennom eit par dagar før den 6. mai, slik at vi kan bruke dei siste dagane til å finpusse vegen før vi slepp trafikken på, seier Frank Eldegard.

Tindevegen

SLIK VAR DET I FJOR: Ved den såkalla Per-knubben, som er ein utfordrande stad å brøyte.

Foto: Anders Fortun / tindevegen

Det er firmaet til Olav Birger Hæreid som brøyter frå årdalssida, medan Terje Veka har jobben frå Turtagrø.

Medan snøen lavar ned til fjordnivå i andre delar av fylket kan Frank Eldegard rapportere om bra vêr i Årdal og dermed greie tilhøve for brøyting.

– Det er meldt litt ruskevêr i morgon, men om det kjem litt snø gjer ikkje det så mykje, den smeltar fort vekk att på denne tida.

Tindevegen

ATTRAKTIVT Å KØYRE: Mange tek turen over Tindevegen berre fordi dei synest det er spennande å køyre med høge brøytekantar. Dette biletet er frå mai i fjor.

Foto: Frank Eldegard / Tindevegen

– 2014 var fantastisk for Tindevegen

No håpar han at årets sesong kan overgå rekordsesongen 2015.

– Fjoråret var fantastisk, vi auka frå 26.000 til 32.000 passeringar.

Det gjorde at økonomien i vegselskapet fekk eit løft. Pengane som kjem inn blir brukte til vedlikehald og til å utbetre vegen.

– No er standarden på vegen bra. I fjor la vi om vegen på eit punkt som har vore utfordrande å brøyte. I år skal det asfalterast på det stykket.

Eldegard har fått fleire telefonar i det siste frå toppturentusiastar som ventar på å få bruke Tindevegen som utgangspunkt.

– I tillegg er det mange som synest det er spennande å køyre vegen no rett etter at han er gjennombrøytt.

Bomstasjonen på Tindevegen

GRAVEJOBB I VENTE: Slik ser det ut på bomstasjonen på høgste punktet av vegen no i slutten av april.

Foto: Webkamera / Tindevegen