– Veldig godt nøgd, er Eivind Johan Stavang sin kommentar etter å ha teke eit nytt NM-gull på 60-meter hekk. Han sprang eitt tidels sekund fortare i dag enn han gjorde for ei veke sidan.
- Meir eller mindre åleine
– Med tanke på at dette ikkje er det raskaste underlaget og at eg sprang meir eller mindre åleine, så lovar dette godt for Florø International neste helg, seier Stavang.
Han er sikker på at formpila peikar bratt oppover, og i Stangehallen fekk han prov på at teknikken byrjar å sitje.
Vil vise seg fram
– Det er første gong på lenge at eg har greidd å kome over første hekken utan å rive. Då får eg med meg meir fart inn mot dei andre hekkane, seier Stavang som no vonar å vise heimepublikum eit løp ned mot sin personlege rekord på 7,98.
– Det blir morosamt med skikkeleg konkurranse heime i Florø neste laurdag, seier Eivind. Han legg ikkje skjul på at han godt kunne tenkt seg betre konkurranse under innandørs NM. Det er ikkje særleg inspirerande når nestetemann kjem halsande 6-7 meter bak vinnaren, seier han.
Imponerte i lengde
I tillegg til sigeren på korthekken, imponerte Eivind Stavang i lengdegropa sundag. Stille lengde er ikkje den mest profilerte øvinga, men har lange tradisjonar i friidrettsmiljøet. Difor vart det lagt merke til då Florø-utøvaren strekte seg til 3,45. I følgje friidrettsforbundet sine statistikkar er dette det 11. lengste hoppet gjennom alle tider i Norge.
– Eg fekk hjelp frå publikum på siste hoppet. Det gav meg nok eit
ekstra løft, seier Stavang. Han legg ikkje alt for mykje i dette resultatet, men det er nok eit teikn på at han byrjar å kome i god form.
Seks medaljar i NM
Friidrettsutøvarane frå fylket sikra seg tilsaman seks medaljar under meisterskapen i Stangehallen.
Laurdag sette strynejenta Inger Anne Frøysedal (Tjalve) ny meisterskapsrekord då ho vann tresteg konkurransen. Kulestøytaren Yngve Grøneng Havn (Florø) tok sølv, medan Øyvind Strømmen Kjerpeset (Florø) vart nummer to på 200 meter.
Jostein Joshua Fossøy (Førde) tok sølv i lengde.