Hopp til innhold

Spelar sin første kamp på nær eitt år

Eit Sogndal-lag på desperat poengjakt gjer heile seks endringar frå laget som førre helg vart utspelet mot Sarpsborg 08.

Ulrik Flo scorar for Sogndal

MÅL: Ulrik Flo stangar inn 1-0 for Sogndal.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Mellom anna får Kenneth Udjus sin første kamp mellom stengene når Sogndal prøver å stogge rekkja med 11 kampar utan siger.

31-åringen er på lån frå Lillestrøm, men har ikkje spelt ein seriekamp sidan nest siste serierunde i fjor.

Kenneth Udjus

FRÅ START: Kenneth Udjus får sin første seriekamp for året mot Haugesund. Biletet er frå avskilskampen med Sogndal mot Brann før han reiste til Åråsen og Lillestrøm.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det er litt først og fremst fordi Kenneth er vaksen, og har stått i denne situasjonen før. Det har gått ein tid der laget gått i motbakke og vi trur Kenneth sin personlegdom og erfaring kan vere med som eitt bidrag i å lukkast i dag, seier assistenttrenar Tom Mangersnes.

Utvik og Patronen

Udjus vart henta tilbake i haust, men har til no ikkje lukkast med å utkonkurrere unge Mathias Dyngeland som sisteskanse.

Laster innhold, vennligst vent..

– Denne endringa betyr ikkje at vi meiner Mathias har underprestert, presiserer Mangersnes.

Mathias Dyngeland

MÅ VIKE: Mathias Dyngeland vart denne veka teken ut på G18-landslaget, men må vike plass som keeper for Sogndal i dag.

Foto: Rune Sjøberg

I tillegg er Bjørn Inge Utvik og Hannu Patronen tilbake i midtforsvaret i det som kan sjåast ut til å vere ein 4-4-2-formasjon. Utvik har vore skadd og Patronen suspendert.

Nilsen og Otoo på topp

Vidare er Ulrik Flo sett inn på midtbanen. Der finn ein også Petter Strand som i vår var ein svært god spelar for Sogndal. På topp skal Tim Nilsen og Mahatma Otoo jakte scoringar i lagnadskampen mot eit FK Haugesund stinne i sjølvtillit etter sigeren over Rosenborg sist.

Laget er nest sist med 21 poeng. Med Sandnes Ulf sine tre poeng mot Vålerenga fredag har også dei meldt seg på i kampen om å overleve.

(Artikkelen held fram under videoen)

Eit Sogndal-lag på desperat poengjakt gjer seks endringar før møtet mot Haugesund.

SJÅ VIDEO: Tom Mangersnes om endringane dei gjer før møtet med FK Haugesund. (FOTO/REDIGERING: OLE ANDRE REKKEDAL/NRK)

Brann på kvalifisering har 23 poeng, medan dagens motstandar har 24 poeng på trygg grunn.

– Vi gjer desse endringane fordi det er ting vi ikkje har vore heilt nøgde med. Vi har ikkje klart å levere det vi skal som lag, seier Mangersnes.

(Artikkelen held fram under videoen)

Sogndal-supporterane gjekk i folketog til Fosshaugane før lagnadskampen mot Haugesund.

SJÅ VIDEO: Folketog for Sogndal før lagnadskampen. (FOTO/REDIGERING: OLE ANDRE REKKEDAL/NRK)

Vil angripe

– Kva håpar de å oppnå med desse endringane?

– At vi har eit Sogndal-lag som er i angrepsposisjon frå start. At vi angrip kampen, legg vekk konsekvenstankegangen.

– Det handlar no om å kanalisere all energi inn mot det som skal skje i dag. Vi trur den ellevaren er veldig godt rusta til nettopp det, held Mangersnes fram.

LAGET: Kenneth Udjus – Taijo Teniste, Hannu Patronen, Bjørn Inge Utvik, Logi Valgardsson – Ulrik Flo, Babacar Sarr, Rune Bolseth, Petter Strand – Tim Nilsen, Mahatma Otoo

BENKEN: Mathias Dyngeland, Christophe Psyché, Eirik Skaasheim, Joar Tryti, Tonny Brochmann, Helge Haugen, Edward Ofere

Laster innhold, vennligst vent..