Hopp til innhold

Seigmen minnast dei drepne i trippeldrapet

ÅRDALSTANGEN (nrk.no): Då Seigmen spelte på Målrock i Årdal i går, nytta dei høvet til å minnast dei tre som vart drepne på Valdresekspressen i fjor haust.

Seigmen på målrock

– Bussdrapet i Årdal 4. november i fjor gjekk djupt inn på oss alle saman, og med songen «Tenn alle lys» ynskjer vi å minnast dei drepne, sa vokalist Alex Møklebust.

Sekund seinare ruva det ei øyredøyvande stillheit blant heile publikumsmassen. Samtidig kunne ein ta og føle på den takksemda for at Seigmen faktisk gjorde nettopp dette.

– Dei gjorde det på eige initiativ, og eg synst det var veldig fint, seier festivalsjef Katrine C. Fretheim.

Fans frå Russland og Ukraina

Seigmen har ikkje gjeve ut plate sidan 1997. Det til trass – fansen er med dei framleis.

– Dette blir den 33. konserten i rekkja, fortel den engasjerte tilhengaren Otto Egil Sætre (36) frå Bergen.

– Det er eit eller anna veldig spesielt med musikken til Seigmen. Det let magisk på eit vis.

Fansen til Seigmen strekk seg utover dei norske landegrensene, og fredag kveld var Russland og Ukraina representert med ein vennegjeng på fire.

– Vi leigde bil og køyrde hit på tre dagar, fortel Luda, Tanja, Ander og Vova. Dette er andre gongen dei er i Noreg, og har hatt nokre dagar ekstra i landet for å betrakta Noregs kultur og ikkje minst naturen.

– Det er jo nettopp dette som er inspirasjonen til den musikken vi likar, seier dei og let auga gli over fjella som omringar Årdal.

Fridde ved Vettisfossen

– Vil de vite kvifor vi i Seigmen valde Årdal og Målrock?

Med eit rungande «ja» frå publikum, kunne bassisten Kim Ljung frå Tønsberg avsløre at han for fem år sidan fridde til sin utkåra ved Noregs vakraste foss, Vettisfossen.

– Og med det fekk eg svigerfamilie frå Årdal, smilte han frå scena og folkemassen responderte med ein spontan jubel.

Rocka kveld

Fredagskvelden var ein kveld med variert musikk der både Bernhoft, Violet Road, Staut og Gabrielle sette sitt preg på Målrock 2014. Med multikunstnaren Bernhoft sin song «Stay with me» på riktig «sognamaol», vart stemninga sett for denne kvelden.

«Eg har venta pao å setta hjarta ditt i brann», syng han medan latteren brer seg blant publikum.

På Instagram ligg det nærare 70 bilete med hashtagen #målrock, og alle er komen i løpet av fredagen.

– Dette vart tidenes fredag, med ein publikumsmasse på 2.200 personar, avsluttar ein nøgd festivalsjef.