Hopp til innhold

Regjeringa seier ja til Førdepakken og ein milliard i bompengar

FØRDE (NRK): Regjeringa seier ja til Førdepakken. No er det klart for storstila bompengeinnkrevjing for å ruste opp vegnettet rundt den største byen i Sogn og Fjordane.

Olve Grotle og Bjørn Lødemel

FLAGGAR: Ordførar Olve Grotle (H) og stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) er letta over at regjeringa seier ja til Førdepakken.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Dermed skal det krevjast inn ein milliard kroner i bompengar for å ruste opp vegane i og rundt Førde. Totalprisen er på 1,65 milliardar (i 2015-kroner).

I dag godkjente regjeringa prosjektet. Men det har vore sådd tvil om kor vidt ein samferdselsminister frå Framstegspartiet kunne gå med på eit så stort bompengeprosjekt.

– Førdepakken skal gje betre og tryggare trafikksituasjon i Førde sentrum, for bilistar, kollektivtransport, gåande og syklande. Forbetringane kjem både gjennomgangstrafikken og lokal trafikk til gode, seier samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen i ei pressemelding.

Samferdseleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp).

MILLIARD-PAKKE: Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen og regjeringa har godkjend Førdepakken.

Foto: Skolt, Henrik / NTB scanpix

Tek ein del av rentekostnadane

I pressemeldinga seier Solvik-Olsen at Førdepakken vil kunne få fordel av bompengereforma som regjeringa har lagt fram. I reforma er det foreslått at staten tar ein del av renteutgiftene i lånefinansierte bompengeprosjekt.

– Regjeringa legg vidare opp til ei omorganisering frå dagens mange bompengeselskap til eit fåtal selskap. Dermed bidrar vi til at meir av bompengane går til vegformål og mindre til administrasjon og finansiering, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Østenstad, Lødemel, Grotle og Djuvik

GLADE GUTAR: Rådmann Ole John Østenstad, stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H), ordførar Olve Grotle (H) og Frp-politikar Frankw Willy Djuvik. Sistnemnde var ikkje særleg nøgd med regjeringa si avgjersle.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Jubel på rådhuset i Førde

Det har vore mykje fram og tilbake om ei bompengefinansiert vegutbygging i Førde-omrdeåt. men ordførar Olve Grotle (H) har likevel hatt trua heile vegen.

Dette betyr at vi dei neste åra kan byggje vegar i Førde for nesten 1,6 milliardar kroner. Det er ein gledas dag for Førde, Sunnfjord og eg vil påstå, heile fylket, seier Grotle til NRK.


I dag godkjente regjeringa den såkalla Førde- pakken. 
Dermed skal 
det krevjast inn 1 milliard i bompengar til å ruste opp vegnettet i og rundt Førde.
Framstegspartiet har jobba mot prosjektet som totalt vil koste 1,65 milliardar. 
Men i dag gjekk flagga til topps for bompengevedtaket i Førde.

VIDEO: I dag godkjente regjeringa bompengeprosjektet i Førde. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK

– Eit av dei raskaste prosjekta

Han peikar på at dette er ei sak han og mange andre har jobba for i fire år, og at det var den første saka han tok til med som ny ordførar.

Det er ei sak eg har jobba med på mange nivå og alle hald. At vi no får eit resultat så raskt, gler meg enormt, seier Grotle.

Han meiner at dette delvis bompengefinansierte prosjektet, må vere eit av dei raskast gjennomførte vegprosjekta i Norge nokon gong.

Det er formelt sett Stortinget som skal godkjenne bompengesøknaden, men avtalen som regjeringa har godkjend har breitt fleirtal i nasjonalforsamlinga.

Førdepakken

OMFATTANDE: Ei rekkje småvegar i og rundt Førde skal rustast opp for 1,65 milliardar kroner. Det krev 1 milliard i bompengar.

Foto: Fordepakken.no

Frp-topp er skuffa

Framstegspartiet i Sogn og Fjordane har kjempa imot at Førdepakken skulle finansierast med bompengar. Gruppeleiar for Frp i fylkestinget, Frank Willy Djuvik, hevdar at Frp sentralt også er skuffa over vedtaket.

Eg vil faktisk seie at våre folk både på Stortinget og i regjeringa har kjempa ein valdsam kamp for å unngå at dette skulle bli slik. Men så har makta med Høgre og samarbeidspartia blitt for stor, så har vi vore nøydde for å bøyge av.

Men det er jo dykkar eigen nestleiar og samferdslestatsråd som seier ja til dette?

– Dette er sjølvsagt ei regjeringsavgjersle. Eg veit at både Ketil Solvik-Olsen og andre i Samferdsledepartementet har jobba hardt for at denne pakken ikkje skulle finansierast med bompengar.