Hopp til innhold

Seglbåt med tre personar lokalisert

Over to timar etter at dei sist gav lyd frå seg, er seglbåten med tre personar ombord lokalisert.

Seglbåt på veg til land etter trøbbel

I TRØBBEL: Etter nokre timar med dramatikk var seglbåten komme inn i smulare farvatn.

Foto: NRK-tipsar

Uvêr langs kysten

UVÊR: Slik ser det ut frå førarhuset om bord i Halfdan Grieg.

Foto: Halfdan Grieg

Personane ombord den 40 fots seglbåten meldte like over klokka 04 at dei hadde problem vest av Bulandet.

Redningshelikopter og redningsskøyte vart sendt ut frå Florø for å søkje etter båten.

– Då kan vi melde at «Juli Anne» er på veg mot Florø. Dei har passert Kinn og vi har sendt redningshelikopter og redningsskøyta Halfdan Grieg til staden, seier redningsleiar Eirik Walle ved HRS.

Hovudredningssentralen på Sola hadde sist kontakt med båten klokka 0430. Like før klokka 07 var det på nytt kontakt. Redningshelikopteret har også stadfesta posisjonen til båten.

– Dei har fått mykje juling, men alt skal stå bra til med dei ombord. Seglbåten er 40 fot stor, men til og med store båtar fekk problem, seier Walle og legg til at planen no er å kunne geleide seglbåten trygt til kai.

Seglbåten fekk problem i den tunge sjøen og var iølgje politiet byrja å gå tom for drivstoff. Det bles sør sørvest liten storm i området.

Halfdan Grieg meldte i morgontimane frå om tre meter høge bølgjer innaskjærs.

– Utaskjærs er det ikkje noko særleg. Eg kan tenkje meg at dei har hatt ein tøff seillas i natt, seier Geir Antonsen, førar av redningsskøyta «Halfdan Grieg».

Like før klokka 08 la seglbåten til kai ved Rognaldsvåg på øya Reksta rett vest av Florø.

– Bølgjene var kring fem meter på toppane, og tre meter i snitt. Vinden hadde løya noko, men det var framleis ein god del sjø. Dei har kome utanfrå, så dei har nok sikkert vore i værre sjø, seier Antonsen.

Halfdan Grieg ved kai etter redningsoppdrag

OPPDRAG FULLFØRT: Halfdan Grieg ved kai etter at redningsoppdraget er fullført.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK