Scora to mål for Norge
Elise Stenevik vart den store helten, då det norske J17-landslaget i dag slo Italia 2-1 i ein treningskamp i fotball. Florø-jenta scora begge dei norske måla i San Zaccaria. Dette var siste treningskamp før EM-kvalifiseringa startar i mars.