Hopp til innhold

Ulv tok sauer eit steinkast frå garden hans

I eit turområde berre fire kilometer frå Førde sentrum har det som mest truleg er ein ulv teke livet av ein sau og skambite eit lam. Utmarksansvarleg hjå Statens Naturoppsyn (SNO), Finn Olav Myhren, seier til nettstaden Fordeby.no at skadane liknar dei andre ulvedrepne sauekadavera han har sett i haust.

Jan Ove Brede

MED SKAMBITE LAM: Gardbrukar Jan Ove Brede med lammet som var så skambite at det måtte avlivast.

Foto: Simon Vie / Fordeby.no

Den drepne sauen og det skambitne lammet vart funne ved Viekletten, i eit populært turområde. Det er truleg søndag eller måndag ulven har gått laus på husdyra til Jan Ove Brede.

Lammet som er skambite måtte avlivast. Brede seier at mora til lammet vart funnen berre eit steinkast frå garden hans. Han hadde då leitt etter dyra i to dagar. Tysdag kom det skadde lammet ned til garden, som ligg ved Jølstra.

– Eg synest det er skremmande at ulven kjem så nær, seier Brede til Fordeby.no.

Ulvedrepen sau i Førde

DREPEN AV ULV? Denne sauen er nokså sikkert teken av dage av ein ulv - berre eit steinkast frå garden.

Foto: Simon Vie / Fordeby.no

Ulv sett fleire stader

Finn Olav Myhren i SNO er temmeleg sikker på at det er ulv som har vore på ferde.

– Eg har skrive i rapporten min at eg antar at det er ulv, og då er eg ganske overbevist. Hundre prosent sikker kan ein likevel ikkje vere.

Han seier at det er gjort fleire ulveobservasjonar i Sogn og Fjordane siste veka, onsdag frå Savland i Naustdal.

– Der fann eg gode fotavtrykk som byggjer opp om observasjonane, seier Myhren.

Det er og mogelege ulveobservasjonar på Moskog og i Sundsdalen siste veka.

Vil sjå til geiter

Simon Vie har 19 geiter gåande i fjellsida over Vieåsen. Dei går ute heile året. No vil han ta ein tur for å sjekke om ulven har vore på ferde der og.

– Eg skal opp ein tur i morgon. Men eg trur det er verre for ulven å ta ei geit i ulendt terrengenn ein sau på flat mark, eg håpar iallfall det.

Viekletten