SATSAR VIDARE: Per Øyvind Helle skulle gjerne sett eit større overskot for Hipphipp Flora, men hevdar at det er ikkje pengane som driv han.
«Eg gjer ikkje dette for å bli millionær»
Per Øyvind Helle i Hipphipp Flora ser ingen grunn til å klage over eit overskot på berre 35.000 kroner etter skatt i 2011. Målet er nemleg ikkkje å bli rik, men å gjere andre folk glade.
Avisa Firda kunne i dag melde at arrangørverksemda i Florø sat att med berre 35.000 i overskot av ei omsetning på kring seks millionar. Hipphipp Flora står mellom anna bak store arrangement som FotballFlora og MGP-delfinalen som dei to siste åra har vore skipa til i kystbyen.
– Ettersom vi er eit selskap som omset for over seks millionar, så burde overskotet vere kanskje mellom 300.000 og 400.000 kroner. 35.000 er marginalt, seier Per Øyvind Helle i Hipphipp Flora til avisa.
Men til NRK sler han fast at overhovudet ikkje ser nokon grunn til å bli deprimert av desse rekneskapstala.
LOKAL HELT: Håvard Lothe og bandet hans var blant dei som deltok under MGP-delfinalen i Florø i vinter.
Foto: Oddleif Løset/NRK
– For meg handlar dette om å få oppfylt ein del behov eg har for å glede andre. Det er langt viktigare for meg å kunne sørge for at 3000 menneske har ei kjekk oppleving enn å skulle bli millionær på dette, seier Helle til NRK.
STOLTE KARAR: Dag Olav Austbø og Per Øyvind Helle i Hipphipp Flora saman med Anne Rimmen før den første MGP-delfinalen i Florø i 2011.
Oppfyller draumen
Ifølgje Firda var det einskilde månader dei to tilsette i Hipphipp Flora valde å ikkje ta ut løn. Men helle stadfestar at dei trass alt sat att med ei årsløn på i underkant av 400.000 for jobben dei gjorde.
– Det å drive eit slikt selskap her i Sogn og Fjordane har jo å gjere med draumen å gjere andre folk glade, og samtundes realisere sine eigne draumar. Eg har ein veldig kjekk jobb, sler Helle fast.
Firda fortel at dagleg leiar i Hipphipp Flora, Dag Olav Austbø, går over i ny jobb til hausten.
– Eventbransjen er ustabil, og Austbø fekk eit godt tilbod. Eg vil då fungere som dagleg leiar, men eg håpar å kunne få tilsette ein til i haust. Målet er at vi skal vere to tilsette, men vi må sjå korleis arrangementa går. Vi veit aldri før det enkelte arrangement er i hamn, seier Per Øyvind Helle til Firda.