Hopp til innhold

Samlar inn pengar til flaumoffer i Kvam

TV-bileta frå storflaumen gjorde så sterkt inntrykk at ei kvinne i Jølster har bestemt seg for å samle inn pengar til flaumofra.

Karianne Røssumoen Øyen/Flaum i Kvam

STERKE INNTRYKK: Som utflytta kvamvær har Karianne Røssumoen Øyen lyst å hjelpe dei som blei råka av flaumen i mai.

Foto: Privat/NRK (Montasje)

Karianne Røssumoen Øyen er oppvaksen i Kvam i Gudbrandsdalen og budde der til ho var 30 år. Dei siste 13 åra har ho budd på Vassenden i Jølster.

– Eg fekk same katastrofekjensle som når ein ser bilete frå utlandet. Brått gjeld det heimbygda di. Eg har mykje familie og venner der, og det var sterkt å sjå alle som blei råka, fortel ho til NRK.no.

Tok med seg leiker, hus og bilar

Mektige naturkrefter gjorde stor skade då flaumen herja i slutten av mai. Bygda Kvam i Gudbrandsdalen var ein av stadane som blei hardast ramma. Mange hadde så vidt fått reist dei nye husa etter flaumen for to år sidan, før dei igjen var heimlause.

– Det å sjå vatnet vaske over bygda rørte meg veldig sterkt. Flaumen tok med seg hus, bilar, eigendelar og leikane til små ungar. Det var forferdeleg å sjå på.

Vil lage positive opplevingar

Så engasjert blei ho at ho bestemte seg for å samle inn pengar. Dei skal brukast til aktivitetar for born, unge og eldre slik at dei kan få eit positivt avbrekk i kvardagen.

– Det er mange som må leve vidare med inntrykka og endringane etter flaumen. No skal tre foreiningar og lag få dei innsamla pengane for å lage nokre gode tilbod og opplevingar. Eg har spesielt unge og eldre i tankane mine.

Innsamlingsaksjonen starta fredag og varer ut august. Ho har oppretta ei Facebook-gruppe der folk kan få opplysningar og følgje med på innsamlinga.

Håper mange vil gi

Øyen veit enno ikkje om det har kome inn pengar på kontoen, men håper folk gir til innsamlinga.

– Det er mange som tykkjer det er ei viktig sak og eit godt tiltak, så eg håper det kjem meir enn munnleg støtte. Eg håper det kjem klingande mynt også.

Når innsamlinga er ferdig, er Øyen invitert med av dei tre laga for å diskutere kva pengane skal brukast til.

Det er viktig å få til enkle tiltak slik at pengane kan leve ei stund, seier ho.

Helikopterbilder fra Kvam torsdag formiddag.

SJÅ VIDEO: Det blei store skader då flaumen herja Kvam i Gudbrandsdalen.