Hopp til innhold

Samlar inn klede til ufødte mottaksbabyar

Høyanger statlege mottak har fleire gravide kvinner blant bebuarane. No samlar dei inn klede til babyane som enda ikkje komne til verda.

Ronja Trolie

TRENG BABYKLEDE: Ronja Trolie, mottaksleiar ved Høyanger statlege mottak ber no om babyklede til dei gravide kvinnene. Til høgre er bilete av klede dei fekk ved oppstart av mottaket.

Foto: Petter Strøm/Høyanger mottak / NRK

– Vi prata med jordmora her i kommunen, og ho gjorde oss merksame på at dei som er på flukt ofte har ein risiko for prematur fødsel. Ein kan jo berre tenkje seg til det dei har vore igjennom og situasjonen dei er i, fortel mottaksleiar Ronja Trolie.

Ein god start på livet

Mottaket er pliktig til å stille med diverse utstyr til babyane som til dømes seng, medan bebuarane sjølve er ansvarleg for klede. Med trong økonomi kan det vere utfordrande å ha rå til uteklede og ulltøy, fortel Trolie. Dei ønskjer å gje babyane og mødrene deira ein god start.

– Desse kvinnene har vore gjennom mykje. Vi ønskjer å hjelpe dei, og håpar og trur at det å gje god omsorg i framkant av fødselen gjer at dei kjenner seg trygge og godt rusta til å ta imot babyen sin, seier ho.

Rørt av responsen

Høyanger statlege mottak vart etablert i november i fjor, og har om lag 150 bebuarar som bur i leilegheiter og einebustader rundt om i kommunen.

Etter at mottaket delte eit innlegg på Facebook der dei bad om klede til dei gravide kvinnene har dei fått godt respons.

– Vi er veldig rørt. Det har kome mange tilbakemeldingar. Både som kommentarar på Facebook, men vi har også fått telefonar og meldingar frå folk som vil hjelpe, fortel Trolie.

Mottaksleiaren fortel at det er ikkje berre dei minste som treng hjelp. Dei vaksne får ein klespakke når dei kjem, resten må dei kjøpe sjølve. Behovet er også kontinuerleg i og med det kjem nye flyktningar til landet.

– Så vi har masse vaksne som også treng klede og sko, seier ho.