Hopp til innhold

Smertefulle kutt vil gå utover vegane - bilistar vil raskt merke endringane

– Kutta i samferdslesektoren vil merkast godt, og vi er ikkje lenger i stand til å stogge vegforfallet. Det seier leiar i hovudutval for samferdsle, Arnstein Menes.

Arnstein Menes etterlyser meir midlar til vegprosjekt.

MÅ KUTTE: Leiar i samferdsleutvalet Arnstein Menes seier at bilistane vil merke fort kutta i samferdslesektoren.

Foto: Fotomontasje / NRK

– Vi skal inn i ein veldig tøff prosess. Først skal vi sjå på budsjettet for 2015 og 2016, og deretter skal vi i juni neste år ta føre oss heile økonomiplanperioden. 230 millionar kroner skal sparast inn, og det må nok dessverre gå på strukturar i fylket vårt, seier leiar Arnstein Menes i hovudutval for samferdsel for Senterpartiet.

Fylkespolitikarane er i dag og i morgon samla for å ta fatt på dei store økonomiske kutta. Samferdselssektoren må ta dei største kutta, og dei neste to åra er det lagt opp til innsparingar særskild på vedlikehald.

Litt av utfordringa på samferdslesektoren er at mykje av midlane våre er knytt opp til avtalar om rutekjøp både på buss og båt, men òg i forhold til anbodsregimet. Det gå litt tid før vi kan ta grep der, difor er det drift og vedlikehald av fylkesvegane som no får svi mest i starten, seier Menes.

Mindre asfalt og rekkverk

Alt no vil budsjettkutta til Fylkeskommunen gå ut over drift og vedlikehald av fylkesvegane. Menes seier bilistane raskt vil sjå endringane.

– Bilistane i fylket vil merke at det vert mindre asfalt, mindre rekkverk, meir vegetasjon rundt vegane og slike ting, fortel Menes.

Det betyr at dei no reverserer tankane i regional transportplan om å stoppe forfallet på fylkesvegane.

– Forfallet vil auke, og det er ein konsekvens av det inntektssystemet som den nye regjeringa no legg opp til, seier han.

Utvalet kjem no til å sende bestillingar til administrasjonen der dei ber dei om å sjå på alle kontraktar og kjøp som ein har per i dag. Dette for å sjå på kva ein eventuelt kan ta tilbake.

– Både båtruter, bussruter og stenging av fjellovergangar på vinterstid er noko vi må sjå nærare på i løpet av vinteren, seier Menes.

Det er med tungt hjarte han no går inn i desse prosessane. Utvalsleiaren seier dei ønskjer å vere med å utvikle fylket vidare, men er no sett i ein økonomisk situasjon som gjer det utruleg vanskeleg.

– Eg må seie eg er veldig spent på kva representantar for regjeringspartia Høgre og Frp i dette fylket vil seie om denne politikken, og om det er noko dei vil stille seg bak, seier Menes.

Fører til sentralisering

Menes seier dei har ikkje anna val enn å bruke dei midlane dei har tilgjengeleg.

– Det er det vi må stelle oss til, og vi må gjere det beste ut av det. Her er det ei forhandling i regjeringa som har gjort til at ein har laga eit inntektssystem der inntektsgarantien er vekke, og vi må ta dei enorme kutta over ein fireårsperiode.

– Du meiner dette kan føre til sentralisering. På kva måte?

– Ein har gitt meir til folkerike områder, og teke vekk dei kriteria som skal styrke distrikta. Eg er jo sjølvsagt fullstendig ueinig i den strategien. Dessverre ser vi det no på mange samfunnsområde som politi og beredskap, tollvesen og skattevesen samt kommunereforma. Det er ei sentralisering og ei styrking av dei sentrale strøka, og ei svekking av distrikta, meiner Menes.