Hopp til innhold

Kommunesamanslåing kan gå utover nynorsken, meiner kulturministeren

Kommunesamanslåing kan kome til å leggje press på nynorsken. Det sa kulturminister Thorhild Widvey under «Nynorskkonferansen» i Førde tysdag.

Thorhild Widvey, kulturminister

PRESSA NYNORSK: Kulturminister Thorhild Widvey sa i dag under Nynorskkonferansen at kommunesamanslåing kan leggje press på nynorsken.

Foto: Halvor Storvik / NRK

Regjeringa har varsla ei kommunereform der målet er færre og større kommunar. Det kan og få konsekvensar for nynorskkommunane i landet.

Tysdag møtte kulturminister Thorhild Widvey nynorskforkjemparane i Førde.

– Eg trur ikkje det kjem til å bli eit problem her i Sogn og Fjordane i og med at alle kommunane er nynorskkommunar, men det er klart at små kommunar som har nynorsk som sitt hovudspråk kan få ei utfordring om dei skal gå inn i ei samanslåing med andre kommunar, seier Widvey,

Dette er noko lokalpolitikarane må kjempe for og ta stilling til, legg ho til.

– Men eg trur ikkje at det berre er kommunereforma som vil vere årsaka til eit press mot nynorsken i framtida.

Mål om å ha to skriftspråk

...små kommunar som har nynorsk som sitt hovudspråk kan få ei utfordring om dei skal gå inn i ei samanslåing med andre kommunar.

Kulturminister, Thorhild Widvey

Widvey seier det absolutt er eit mål at vi skal ha to skriftspråk i åra som kjem.

– Frå Stortinget har det vore samrøystes signal om at ein må vektleggje det. Då må ein finne fram til gode verkemiddel som kan vere med på å bidra til at vi kan klare å få det til, seier ho.

Som ansvarleg for språkpolitikken i Norge seier Widvey at dei vil leggje forholda til rette for å halde oppe dei to skriftspråka vi har.

– Og det kjem eg til å arbeide for også ved vurderinga ved ei allmenn språklov som vi no vurderer å leggje fram for stortinget.

– Nynorsken har ein sterk base

Leiar i mållaget Marit Aakre Tennø håpar kulturministeren tek med seg at nynorsken har ein sterk base og faktisk veks fleire stader.

– Så håpar eg ho la merke til kor mange som tok opp at mållova er fundamentet også for oss som bur her i kjerneområda. Det håpar eg ho tek med seg no når det skal lagast ei ny språklov, seier Tennø.