Hopp til innhold

Sakna skiløparar funne i god behald

Dårleg vêr gjorde at 11 skiløparar måtte overnatte ute i fjellet.

Turfølge sakna

Turfølget som skulle gå frå Breidstølen til Bjordalsbu vart meldt sakna like før klokka 20 laurdag kveld. Dårleg vêr gjorde at ein ikkje kunne sette i gang leitinga før i dag tidleg

– Om lag klokka 0630 fekk vi melding om at turfølge er funne, dei var kalde men i god behald, seier Olaug Holme som er operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane Politidistrikt.

Det var tilsette på hytta Bjordalsbu som fann dei sakna som no er frakta til hytta med snøskuter.

Godt utstyrte

Dei 11 skal vere fjellvande og godt utstyrte, men Holme kan førebels ikkje seie noko om korvidt dei hadde grave seg ned i snøen medan dei vente.

– Det er dårleg mobildekning i området, og vi har hatt litt kontakt med Røde Kors på radio, men no er dei ein tur for å hente utstyret som vart sett igjen då turfølget blei henta, og er utanfor radiodekning.

Turfølget på 11 blei funne ved Starsjøen om lag midtveges mellom Breistølen og Bjordalsbu.