Ein time tidlegare vart det slege full alarm då mannen i førtiåra ikkje kom heim igjen frå krabbefiske.
Både helikopter og fleire fartøy vart kalla ut i søket etter mannen.
Etter ein time vart han funnen av ein lokal båt på Rylandsholm litt lenger aust i Frøysjøen.
Ifølgje operasjonsleiar Stig Inge Hauge ved Sogn og Fjordane Politidistrikt vart han funnen i båten og i god form.