Hopp til innhold

Mann var på veg til jobb då han fekk sjå ulven på nært hald

Ein kar på veg til jobb i morgontimane fredag hadde nærkontakt med ulven som herjar i Naustdal. Ulven vart sett ikkje så langt frå Luftkampmuseet.

Held auga ope

PÅ VAKT: Vidar Heggheim i Naustdal sau- og geiteavlslag fortel at sauebøndene i området er meir på vakt etter det som har skjedd siste tida.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

– Det var ein nabo ute på Håjen som såg ein ulv på ei innmark fredag morgon. Ulven hadde gått både ut og inn att på marka før han forsvann, seier rovviltansvarleg i Statens naturoppsyn, Rein Arne Golf.

Han kjenner ikkje til nøyaktig kor nær personen som såg ulven var.

– Eg har ikkje snakka med han sjølv, så det kan eg ikkje seie, seier Golf.

Stadfestar at fem sauer er drepne av ulv

Totalt er fem sauer stadfesta drepne av ulv i Naustdal.

– Vi har registrert fem kadaver der vi har indikasjonar på at det er ulv som har vore på ferde, seier Golf.

Men fleire av bøndene i området har meldt frå om at dei saknar fleire dyr.

– Det kan vere greitt om dei får det registrert, seier Golf.

Golf seier det er vanskeleg å slå fast om ulven har halde seg i Naustdalsfjella, eller om han kjem andre stadar frå.

– Dei kan flytte seg over store avstandar på kort tid. Ein ulv kan vere i Naustdal ein dag og i Jølster eller Gloppen neste dag, seier Golf.

Kjem tilbake til åstaden

Dei to kadavera som vart funne denne veka, vart funnen ved Håjen.

– Det vi opplevde då er at ulven kjem tilbake der han har lagt ned bytte for å finne meir mat. Men han kan også vandre vekk og leite etter nye byttedyr, seier Golf.

Han fortel at ulven har større bit enn jerven.

Rein-Arne Golf i Statens Naturoppsyn

TYDELEGE SPOR: Rovviltansvarleg i Statens naturoppsyn, Rein Arne Golf, seier spora etter ulven var tydelege på dei fem kadavera som er undersøkte.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

– Jerven har eit veldig kraftig bit, ofte over nakken. Det har også ulven, men han har større bit og bit ofte litt lenger bak på nakken, seier Golf.

Ulven bit også over ryggen.

– Det såg vi på eitt av kadavera. Det som også har gått att, er eit bit bak i låret. Det er truleg eit innfangingsbitt han tek, før han bit i ryggen og avlivar dyra, seier Golf.

Fann ikkje ulven

Leiar i Naustdal sau- og geiteavlslag, Vidar Heggheim, stadfestar at ein mann var vitne til at ulven var på innmark i Naustdal.

– Det var ein som skulle på jobb som såg ulven passere vegen i nærleiken av Slettehaug, vegen som går opp til Øvrebø, om lag klokka 06.30. Han varsla med ein gong, så dei rykte ut for å prøve å finne spor. Men det er vanskeleg, så dei lukkast ikkje, seier Heggheim.

Jegerane som svinga seg rundt, sat på post på nabogarden og kom så raskt dei kunne. Men då hadde gråbein forlate staden.

Tidlegare denne veka vart to lam funne drepne på Slettehaug i Naustdal. Det eine lammet vart funne berre 60–70 meter frå kafeen på Luftkampmuseet i Naustdal.
Statens naturoppsyn stadfestar at det er ulv som er det sannsynlege gjerningsdyret.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vidar Heggheim

NÆR HUS: Leiar i Naustdal sau- og geiteavlslag, Vidar Heggheim, seier det er lite kjekt å ha dyr på beite når ulven også vågar seg inn på innmark.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Fann første kadaveret 9. august

Heggheim er ikkje veldig overraska over observasjonen.

– Med det omfanget vi har sett av skadar så har eg trudd at vi før eller seinare ville kunne sjå dette dyret, seier Heggheim.

Bøndene har hatt mistanke om at eit rovdyr herja i området sidan 9. august.

– Første funna fann vi då, og dei var svært mistenkelege, seier Heggheim.

Straks etter at kadavera vart funne, sette sauebøndene i verk tiltak, samt engasjert hjortejegerar i området til å halde eit vake auga med ulven.

– Først prøvde vi å få dyra heim for å få oversikt over kva vi har mista. Og så har vi organisert med hjortejegerane at når dei er på jakt i sine terreng, så har dei fått løyve til å skyte denne ulven viss dei er registrerte hjå oss, seier Heggheim.

Vil kartleggje mønsteret til ulven

– Vi følgjer med og er ute etter å kartleggje kva mønster han går etter og prøve å få til eit opplegg vi kan lukkast med, seier Heggheim.

Han legg til at det er viktig at folk i området tek kontakt dersom dei ser eller høyrer noko som kan vere relevant.

– Dei må seie ifrå om det dei ser og opplever. Dess ferskare spor vi kan få, dess større sjanse har vi til å lukkast, seier Heggheim.

Er ein umogleg situasjon

Han legg til at det er betre folk seier ifrå ein gong for mykje enn ein gong for lite.

Han håpar jakta på ulven snart ber frukter.

– Det er ikkje noko moro å ha dyr ute når vi ser kva som skjer med dei. Når vi no byrjar å få det ned på innmark så er det klart at det ikkje er mange stadar sauene er trygge, seier Heggheim.

– Det er ein umogleg situasjon å drive ei utmarksnæring slik. Vi kan ikkje ha det slik som vi har hatt det i år, seier Heggestad.

Han fortel at sauebøndene er meir på vakt etter alt som har skjedd.

– Det er klart at viss eg høyrer sauene tek til å springe om natta, så hyver eg på meg kleda fort for å komme meg ut og sjå kva som skjer. Vi er meir på vakt og følgjer meir med, seier Heggheim.

Han ser bort frå at det vil verte sett i gang ei systematisk leiting etter ulven.

– Å byrje å leite etter han utan ferske spor er nesten umogleg. Det har vi ikkje mannskap til. Det vi må gjere er å prøve å finne ferske spor og prøve å finne ut kva rute han har, seier Heggheim.

Ingen grunn til å bli redd

Golf understrekar at folk ikkje må bli redde sjølv om ulven i Naustdal har vore rimeleg nær bustadhus.

– Det er veldig liten grunn for folk til å vere redd for ulv. Han er sky og vil vike unna folk viss han har høve til det, seier Golf.

– Dette var eit inngjerda utmarksområde. Men på eine sida var det ein bekk som avgrensa området. Ulven har nok gått over bekken for å komme inn til sauene, for ulven likar ikkje å hoppe over gjerde, seier Golf.

For ulven er gjerdet ei naturleg hindring, og han vil difor løyse dette ved å bøye av og følgje gjerdet til han kjem til ein opning.

– Det er nok det som har gjort at han har komme seg inn der. Så var det ein overgang mellom utmark og innmark, og plutseleg har han hamna på innmarka når han jakta på den sauen, seier Golf.