Hopp til innhold

Såg tolv ørner på éin gong

På sundag kunne folk sjå heile tolv ørner på himmelen på Stadlandet. Ronald Haaland var ute og såg etter sauene sine då han vart overraska av ørneflokken.

– Eg vart heilt i sjokk, og spurte meg sjølv om augo lurte meg, ler Haaland.

Han var ute og såg etter sauene sine på sundag på Indre Fure i Selje. Og sjølv om ørn ikkje er eit uvanleg syn i dei trakter, så sperra han augo litt ekstra opp den dagen.

– Kikerten var med, og eg såg fyrst to-tre ørner gjennom han. Men så senka eg kikerten og såg opp, og då såg eg ein skog av ørner over meg. Då talte eg til saman tolv stykk, fortel han.

Haaland hadde òg med seg kameraet og fekk foreviga det unike synet.

– Nokon av dei flaug veldig lågt, og med lang linse fekk eg teke nokre bra bilete av ei ørn som plutseleg letta framføre meg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ørn på Indre Fure, Selje

ØRNA SIRKLAR SEG INN: Dette var ei av dei tolv ørnene som Ronald Haaland fanga på kamera på sundag.

Foto: Ronald Haaland

Meir ørn å sjå heile tida

– Eg har budd her heile livet, og kjenner godt til dei ørnene som er her. Dei siste åra har det vore mykje meir ørn å sjå, fortel Kjell Fure, som bur på Indre Fure.

Han meiner det var kongeørn dei kunne sjå på himmelen den dagen.

– Havørnene som hekkar fast her, kjenner eg såpass godt at eg kunne sjå at dei ikkje var blant dei tolv. Så langt eg kunne sjå, trur eg dette gjaldt kongeørnungar, seier han.

Det er derimot ikkje berre idyll at det kjem så mykje ørn.

– Nei, dei tek mykje lam, og problemet berre aukar så lenge bestanden aukar. Og det gjer den, slik eg ser det, avsluttar Fure.

– Havørna er ikkje farleg for beitedyr

Dette kan derimot Alv Ottar Folkestad avvise. Han er leiar for Prosjekt Havørn, som har jobba med registrering og bevaring av havørner sidan 70-talet. Folkestad ser raskt at det er snakk om havørn i tilfellet i Selje, og hevdar det ikkje er fare for lam frå havørna si side.

– Me har sidan 1985 registrert 120 000 daude hus- og beitedyr i Noreg. Ikkje eitt av desse er gjort av havørn, forklarer han.

Alv Ottar Folkestad

HAVØRNEKSPERT: Alv Ottar Folkestad seier havørna ikkje er farleg for lam.

Foto: Tove Fugelsnes / NRK

– Men grunnen til at folk kan tru det, er at havørna er svært rask med å "overta" kadaver. Dermed vil ein kunne sjå havørn nær heilt ferske kadaver òg. Det ville nesten vore meir oppsiktsvekkande om dei ikkje stod der, seier han.

Kan vente fleire ørneflokkar

– Dei fleste av havørnene på bileta er ungdomar. Dei er på si årvisse ferd nordover, og dermed kan ein sjå slike flokkar ofte no i desse dagar. Dei liknar eigentleg veldig på tenåringar av vår eigen rase. Enno er dei ikkje kjønnsmodne, så no nyttar dei tida til å rase frå seg, fortel Folkestad.

– I desse dagar kan ein vente seg fleire slike syn, avsluttar han.