Hopp til innhold

Såg spekkhoggarar i Dalsfjorden

Stig Hauge tok fram kameraet sitt då han såg noko unormalt på andre sida av fjorden. Det viste seg å vere sjeldne gjester tre mil inne i Dalsfjorden.

Spekkhoggarar i Dalsfjorden

SJELDANT SYN: Spekkhoggarar i Dalsfjorden.

Foto: Stig Hauge

Stig Hauge

Stig Hauge.

Foto: privat

Det var i åttetida torsdag morgon han oppdaga noko som fanga merksemda hans på nordsida av Dalsfjorden frå stova si i Dale.

– Eg tok fram kikkerten min, og då såg eg at det var spekkhoggarar som var på veg innover fjorden. Eg hadde fotoapparatet framme og fekk teke nokre bilete. Det er ein avstand på 7-800 meter over fjorden, så biletkvaliteten vart deretter.

Då Hauge fekk auge på dyra var dei 200 meter vest for Otterstein, om lag midt mellom enden av tunnelen og brutårnet som er under arbeid på nordsida.

(Artikkelen held fram under biletet).

Spekkhoggarar i Dalsfjorden

TRE ELLER FIRE DYR: Spekkhoggarane var nær brutårnet som er under arbeid.

Foto: Stig Hauge

Skremde av bruarbeidet?

– Eg sprang opp for å gjere sambuaren min merksam på dyra, men då vi kom nedatt i stova var det ikkje lenger noko å sjå. Kanskje det var arbeidet på brua som skremde dei og fekk dei til å ta snaraste vegen under vassflata utatt fjorden.

Stig Hauge meiner det kan ha vore tre eller fire spekkhoggarar, men berre to og to var oppe samstundes. Han har høyrt at det skal ha vore spekkhoggarar inne i Dalsfjorden også for ein månads tid sidan. I slutten av mars vart det og sett spekkhoggarar i Sognefjorden ved Vadheim, og ved juletider i Førdefjorden.

– Det kunne sjå ut som dei jaga på eitt eller anna. Truleg var det fisk i fjorden som lokka dei innover.

Kart over Dalsfjorden med spekkhoggarobservasjon

VED OTTERSTEIN: Markering av kvar Hauge såg spekkhoggarane.