Meiner dette er sjøormen i Hornindal. - SJØROM? Tre vaksne karar er ikkje i tvil om at det dei såg bukte seg over vatnet er ein sjøorm. - Foto: Andreas Solvik /

SJØROM? Tre vaksne karar er ikkje i tvil om at det dei såg bukte seg over vatnet er ein sjøorm.

Foto: Andreas Solvik

Her meiner karane at dei ser sjøormen bukte seg i overflata

Dei tre kameratane avviser at dei har kokt i saman ei røvarhistorie. Etter opplevinga onsdag kveld er dei overtydde om at det finst sjøorm i Hornindalsvatnet.

– Vi har sett det vi har sett, det er ikkje tvil om, seier Andreas Solvik til NRK.no.

Saman med kameratane Finn Nyhammer og Arvid Otterdal var han ute på Hornindalsvatnet i Hornindal i Sogn og Fjordane på ein liten svipptur onsdag denne veka.

Brått vart dei merksame på nokre krusingar i vatnet, skriv avisa Fjordingen.

– Og dokke meiner det var sjøormen?

– Ja, eg er rimeleg sikker på det, seier Solvik til NRK.no.

– Aldri sett noko liknande

I mange tiår har det vore snakk om at det finst ein sjøorm i Hornindalsvatnet, som er den djupaste innsjøen i Europa. På det djupaste er det 514 meter djupt her og kva som kan gøyme seg her er det mange som har lurt på opp gjennom åra.

Dei tre kameratane har alle høyrt om sjøormen som fleire meiner held til i vatnet, men hadde ikkje trudd dei skulle få sjå den.

– Eg har budd her med vatnet i 50 år, og har vore ganske mange timar utpå her. Men noko slikt har eg aldri sett før, seier Solvik.

– Det var noko som bukta seg vestover

Klokka var blitt 21.30 då dei tre karane var ute med småbåt på vatnet. På veg utover til området ved Havnen såg dei nokre krusingar utanfor Abelholmen. Det var ein båt som hadde kome innover, men Solvik seier denne gjekk på baksida av holmen og meiner det ikkje kan ha vore denne.

– Vi stoppa opp og då såg vi at det var noko som bukta seg vestover, seier Solvik til NRK.no.

Både han og Otterdal fekk drege opp mobilane sine med kamera og tok bilete av det dei såg. Av bileta ser ein noko som ligg i to buer over vassoverflata.

(Artikkelen held fram under biletet)

Meiner dette er sjøormen i Hornindalsvatnet - BORTE VEKK: Det var ikkje lange stunda dei fekk sjå det dei meiner er ein sjøorm. Men i løpet av den korte tida fekk to av dei knipsa kvart sitt bilete av den med mobilkamera. - Foto: Andreas Solvik /

BORTE VEKK: Det var ikkje lange stunda dei fekk sjå det dei meiner er ein sjøorm. Men i løpet av den korte tida fekk to av dei knipsa kvart sitt bilete av den med mobilkamera.

Foto: Andreas Solvik

Så var det borte vekk...

– Vi gav gass og køyrde bort der vi hadde sett det. Det var kanskje 70 meter unna, fortel Solvik.

– Men då vi kom bort var det ikkje noko meir å sjå, då var det berre krusingar på vatnet. Det var ikkje noko i vatnet då, ikkje noko som låg og flaut.

Kva tankar som gjekk gjennom hovudet deira når dei var utpå der har Solvik vanskeleg for å setje ord på.

– Det kom jo rimeleg brått på. Men då vi såg på bileta så var vi klare på at dette måtte vere sjøormen som folk har snakka om.

«Speglar seg i fullmånen»

Ola Raftevold, ein tidlegare hotelleigar i Hornindal, har opp gjennom åra gjort fleire intervju der han har snakka om sjøormen som han meinte var i Hornindalsvatnet.

Han skal fleire gonger ha vist til at ormen har for vane å vise seg når det er fullmåne.

– Raftevold sa at når det var fullmåne så kom ormen opp for å spegle seg i vatnet. Og det stemmer jo godt, på onsdag var det ganske bra fullmåne som lyste fint utover, seier Solvik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Arvid Otterdal (f.v.), Andreas Solvik og Finn Nyhammer. Dei såg sjøormen i Hornindalsvatnet - MEINER DEI SÅG SJØORM: Frå venstre: Arvid Otterdal, Andreas Solvik og Finn Nyhammer. - Foto: Asgeir Reksnes / NRK

MEINER DEI SÅG SJØORM: Frå venstre: Arvid Otterdal, Andreas Solvik og Finn Nyhammer.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Redaktør går god for karane

Like etter at dei hadde sett ormen tok dei kontakt med redaktøren i lokalavisa Fjordingen.

Bengt Flaten hadde sjølv vore ute på vatnet denne kvelden, men ikkje sett det som dei tre karane hadde vore vitne til. Han har likevel ikkje grunn til å så tvil om hendinga.

– Dette er tre karar eg kjenner, og kan gå god for. Det er ikkje noko tull og tøys, seier Flaten til NRK.no.

– Ser det som truleg er hovudet

I avisa i dag kan Fjordingen vise begge bileta som vart tekne av det som karane meiner er ein orm.

– Ormen er foreviga av to forskjellige mobilkamera og sett av tre vaksne menn. På bileta ser du at det er noko som buktar seg.

– Vi ser to buer, og så ser vi halepartiet bakarst og ein kan sjå det som truleg er hovudet i den andre enden, seier Flaten.

Dagen etter tok dei med seg bileta tilbake til vatnet og såg det opp mot tre og andre ting i bakgrunnen. Ut frå dette meiner Flaten og dei tre karane at ormen må vere mellom tre og fire meter lang.

Ikkje rusa

Flaten har også fått stadfesta at dei tre ikkje var rusa då dei var ute på vatnet.

– Bileta lyg ikkje, det var noko som buksa seg uti vatnet, seier Flaten.

– Men du som mediemann veit at bilete kan lyge?

– Desse bileta har eg fått tilsendt frå to uavhengige kamera, og eg har sett originalfilene.

Også i Seljordsvatnet har det opp gjennom tidene vore sagt at det finst sjøorm. For berre nokre dagar sidan kunne TV2 vise ein video som syner eit fleire meter langt mystisk objekt i vatnet. I tillegg har nok dei aller fleste høyrt om mysteriet med sjøormen i Loch Ness i Skottland.

– Ikkje noko ål eller ein kabel

Solvik og kameratane meiner det var ein orm, og avviser at det var ein ål eller kabel. Til Fjordingen seier Solvik at det rett nok er ein kabel som går i vatnet, men at det ikkje var denne som var oppe i overflata.

– Den flyt ikkje opp, det kan eg garantere.

– Det er ål i vatnet, men dei blir ikkje fleire meter lange.

NRK setter pris på at mange bidrar med meninger, erfaringer og synspunkter i kommentarfeltet. Takk for at du begrunner dine meninger og avstår fra personangrep. Innlegg som ikke følger våre regler for deltakelse kan bli slettet.
Created by InfoDispatcher
Created by InfoDispatcher

Hadde synfaring av ulykkesbussane i Fardalulykka

Påsken er for mange starten på årets båtsesong. Vi vart med då ein Sea King frå 330 Skvardron trente på sjøredning saman med redningsskøyta Halvdan Grieg.

Opphavsrett NRK © 2014

Ansvarlig redaktør: Thor Gjermund Eriksen

Nettsjef: Frank Gander (konst.)