Hopp til innhold

Så sliten vart Marius på NM-mila

JESSHEIM (NRK.no): Marius Vedvik tok tidleg kommandoen på 10.000-meteren under NM, men fekk det tøft.

Marius Vedvik fekk det tøft på 10.000-meteren under NM i friidrett. Førde-løparen enda til slutt på sjetteplass.

IKKJE MEDALJE: Marius Vedvik ville så gjerne ha medalje på 10.000-meteren, men det gjekk ikkje.

– Ja, det såg bra ut ganske lenge. Men så vart det litt som i EM, konkluderer Marius Vedvik medan han prøver å komme til hektene i målområdet.

Han tok sitt aller første NM-gull på 5000-meteren på fredag , og hadde planar om å kjempe om medaljane også på 10.000-meter. Men slik gjekk det altså ikkje.

Vedvik låg i front heilt fram til åtte kilometer, men då var det brått slutt. Derifrå og inn hadde han nok med å halde andre løparar bak seg.

Han var tydeleg utkøyrt då han kom seg i mål etter litt over ein halvtimes løp.

– Eg fekk det tungt då dei sette opp farten. Det var heilt grusomt, seier han.

– Var det 5000-meteren som sat i beina?

– Eg veit ikkje. Det samme skjedde i EM også. Det er rart, seier Vedvik.

Tida 30.19,37 heldt berre til ein sjetteplass. Gullet gjekk til BUL-løparen Weldu N.Gebretsadik på 29.32,59.