Hopp til innhold

Nektar for å ha mishandla sambuaren sin

FJORDANE TINGRETT (NRK): Mannen i tjueåra er tiltalt ei rekkje svært alvorlege tilfelle av vald mot sin tidlegare sambuar. Men mannen nektar for å ha gjort noko som helst mot kvinna.

Stine Mari Vårdal og Inger Beth Fosse

KLAR FOR RETTEN: Politioverbetjent Stine Mari Vårdal (t.v.) og politiadvokat Inger Beth Fosse skal føre saka for påtalemakta i Fjordane tingrett.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

I dag tidleg starta saka mot mannen i rettssal 3 i Fjordane tingrett i Førde. Påtalemakta hevdar at mannen frå 1. desember 2010 til 1. juli 2013 kom med grove truslar mot og utførte grov vald mot den jamaldrande kvinna. Dei har eit barn saman, som også har fått oppnemnd eigen bistandsadvokat i rettssaka.

Den tiltalte var tydeleg nervøs då retten blei sett, og medan aktor Inger Beth Fosse leste opp den grove tiltalen punkt for punkt, såg mannen ned i bordplata og hadde ingen augekontakt med aktor.

For kvart tiltalepunkt måtte mannen svare på om han erkjenner seg skuldig, og på alle punkta som handlar om vald mot ekssambuaren svarte han nei. Derimot svarte han ja på skuldspørsmålet i fleire tilfelle av vald mot andre personar enn den fornærma kvinna.

Fortalde til helsesøster

I dag er det først den fornærma kvinna som skal forklare seg for tingretten. Ho fekk medhald i kravet om at tiltalte måtte vere på eit anna rom medan ho fortalde retten om det som påtalemakta meiner har skjedd.

– Saka starta då ho fortalde ting til ei helsesøster, ho blei råda til å fortelje det til fleire og dermed var saka i gang, sa aktor Inger Beth Fosse i sitt innleiingsforedrag.

2. mai i 2014 hamna saka hos politiet og dermed vart det sett i gong ei svært omfattande etterforsking.

Blir køyrd opp og ned til Vik

Politiet fekk raskt medhald frå retten i at mannen burde vere varetektsfengsla medan etterforskinga pågjekk, og seinast sist fredag blei fengslinga forlenga.

– Min klient blei vekt klokka 04.00 i natt i Vik fengsel og køyrd hit til Førde, sa mannen sin forsvarar Robert Fonn.

– Han har fått tilbod om ei celle i Førde eller Florø i rettsperioden, repliserte aktor Inger Beth Fosse.

Saka kan bli forlenga

Påtalemakta har varsla at det skal førast uvanleg mange vitne i rettssaka, og forsvaret har også varsla fleire vitne. Saka er i utgangspunktet meint å vare ut denne veka, men retten har sett av tre dagar ekstra om tida strekk ut.

Det skal også førast ei eiga rettssak om eventuell erstatning til den fornærma kvinna og barnet hennar, dersom mannen blir dømd i tingretten.