Hopp til innhold

Så mykje har det regna siste døgnet

Det siste døgnet har det vore vått i Sogn og Fjordane. I Luster måtte ei bru gje tapt for vassmengdene.

Bru knakk saman under vassmengdene

TØFT PRESS: Slik gjekk det med brua i Mørkridsdalen i Luster - den greidde ikkje å stå imot presset frå dei store vassmengdene.

Foto: Tage S. Moen

- Det har vore veldig vått. Likevel skulle ikkje nedbørsmengdene tilseie at elvane skulle bli så store, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid.

I Luster er fylkesveg 333 stengd mellom Bolstad og Mørkri, etter at Mobrui måtte gje tapt for vassmengdene. I Stardalen i Luster har to personar evakuert huset sitt, då dei frykta at Stardalselva skulle gå over breiddene sine.

LES OGSÅ:

Her er nedbørsmengdene

Over store delar av Vestlandet har vatn skapt store problem onsdag kveld og natt til torsdag.

I Sogn og Fjordane har dei største nedbørsmengdene komme i ytre strok. Her er ei oversikt over nokre av målestasjonane i fylket det siste døgnet:

  • Takle: 57,0 millimeter
  • Fureneset: 42,1 millimeter
  • Førde: 29,0 millimeter
  • Fjærland: 24,0 millimeter
  • Myklebust: 16,5
  • Skei: 15,2
  • Vangsnes: 13,2 millimeter
  • Stryn: 12,7 millimeter
  • Lærdal: 6,6 millimeter

Våtast i landet det siste døgnet har til samanlikning vore Eik-Hove i Rogaland med 96,4 millimeter nedbør.

(Artikkelen held fram under illustrasjonen)

Verradar for Vestlandet

Slik var nedbørssituasjonen på verradaren for Vestlandet i morgontimane torsdag.

Foto: Skjermdump

Som ein normal haustdag i Takle

Både Takle og Fureneset er over grensene for såkalla store nedbørsmengder, som er sett til 40 millimeter.

- Det har regna mykjeogså til å vere i Takle. Men samstundes er dei vande til det, og for dei er nok dette å rekne som ein normal haustdag, seier Fagerlid.

- Hadde nedbørsmengdene komme i indre strok, hadde det nok vore meir dramatisk, legg han til.

Store skader på bru i Luster

I Luster har Eli Hansen Moen aldri opplevd liknande. Gardsvegen inn til huset hennar er vaska bort, og fylkesvegen på staden er stengd etter at vatnet knekte brua.

Kai Jonny Bugjerde i Vegmeldingssentralen opplyser at det er i Luster nedbøren har gjort størst skade. Elles har vegane klart seg bra.

- Brua ved Moen lengst oppe i Mørkridsdalen har knekt saman av vassmassene, seier Bugjerde.

- Akkurat kor store øydeleggingane er, har ikkje eg fått oversikt over enno, men ifølgje entreprenøren kan det ta fleire dagar før brua er køyrbar igjen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Store vassmengder i Luster

LUSTER: I Mørkridsdalen i Luster gjekk elva over breiddene sine natt til torsdag.

Foto: Tage S. Moen

Regn og smeltevatn

Ifølgje statsmeteorologen kan ikkje regnet åleine vere grunnen til øydeleggingane i indre strok. Etter alt å dømme er det ein kombinasjon med høge temperaturar som ligg bak.

- Eg vil tru smelting av breane vil ha noko å seie. Det som skjedde i Stardalen vil eg tru har å gjere med ein periode intenst regn saman høge temperaturar og smeltevatn, seier Fagerlid.