Hopp til innhold

Så klarte maratonmannen nummer 500!

Med hornmusikk og ordførarar i målområdet, sprang Inge Asbjørn Haugen inn til sitt maraton nummer 500 laurdag.

Maratonmannen Inge Asbjørn Haugen

JUBELHORN: Inge Asbjørn Haugen poserte villig vekk på idrettsplassen i Hornindal etter at han kom i mål.

Foto: Roger Vik / NRK

– Det var jammen litt av ei mottaking, eg trur aldri eg har blitt fotografert så mykje i heile mitt liv, fortel Inge Asbjørn Haugen til NRK etter løpet.

Sidan 1984 har løping og særleg maraton vore det viktigaste for honndølen, og det var liten tvil om at han skulle klare å gjennomføre jubileumsløpet i dag.

– Det gjekk vel heilt strålande, eg hadde ein del kvalme på slutten av løpet slik det ofte brukar å vere, men eg kom meg i mål på ei god tid, fortel ein glad Inge Asbjørn Haugen.

Tida 3 timar 55 minutt og 56 sekund er det lite å seie på, og han følte i dag at han kunne gje litt ekstra når det trass alt var maraton nummer 500 som skulle fullførast.

Laurdag kveld blir det bankett til ære for maratonløparane i Hornindal, og særleg til ære for Inge Asbjørn som står fram som ein idrettsmann av dei sjeldne.

– Eg føler vel at eg hadde bra kontroll på løpet, men eg har vel mindre kontroll på kva som kjem til å skje under banketten. Det blir vel nokre overraskingar, trur Haugen.

Alfred Bjørlo og Maratonmannen Inge Asbjørn Haugen

MØTTE EINAREN: Eid-ordførar Alfred Bjørlo var snar om å sikre seg bilete av maratonmannen Inge Asbjørn Haugen etter at han var komen i mål.

Foto: Roger Vik / NRK