Hopp til innhold

Så glad blir du når du får danse med idolet

Dei to 15-åringane frå Dale fekk ein draumedag dei aldri vil gløyme då dei fekk møte og danse med sitt store idol, Isac Elliot, under Norway Cup i går.

Fekk danse med tenåringsidolet Isac Elliot

FULL JUBEL: Maren Johansen Myklebust og Hannah Christine Baust Erdal frå Dale (nummer to og tre oppe frå venstre) var blant dei ti heldige som fekk danse med tenåringsidolet Isac Elliot på scena under Norway Cup.

Foto: Sony Music

Isac Elliot (14) blir kalla Finland sitt svar på Justin Bieber. I går heldt han konsert under Norway Cup, medan fansen hylte som besett framfor scena.

To av hans største beundrarar, Maren Johansen Myklebust (15) og Hannah Christine Baust Erdal (15) frå Dale, fekk kome nærmare på idolet enn dei nokon gong hadde drøymt om. Saman med ti andre heldige fekk dei nemleg danse saman med han på ein av songane.

– Det var heilt utruleg og ei oppleving for livet, seier Maren Johansen Myklebust.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tett møte med Isac Elliot

TETT MØTE: Før konserten fekk Hannah Christine Baust Erdal (15) og resten av vinnarane eit personleg møte med Isac Elliot.

Foto: Privat

Fekk eit eksklusivt møte før konserten

Dagen starta med øvingar og lydprøver med fire av dei faste dansarane til Elliot. Så, like før dei skulle på scena, fekk dei eit eksklusivt møte med tenåringsstjerna sjølv.

– Eg var ganske roleg, men hjartet banka litt ekstra fort når eg såg han, fortel Johansen Myklebust.

Fekk møte idolet

STOR DAG: For Maren Johansen Myklebust (15) vart det ei oppleving for livet å møte og danse med sitt store idol.

Foto: Privat

Seansen varte i snaue ti minutt, men for dei ti heldige utvalde vart det eit minne for livet.

– Vi tulla litt med kvarandre, tok bilete og fekk autografar. Det var skikkeleg gøy, mykje betre enn eg trudde det skulle bli, seier Johansen Myklebust.

Avslutta konserten med ein klem

Ikkje mindre minnerikt skulle det bli då dei endeleg fekk kome på scena og vise kva dei har øvd på, framfor eit hav av elleville publikummarar.

– Det var proppfullt over alt, du såg berre ein masse menneske. Det var så gøy. Det å danse for Isac framfor så mange, det går ikkje an å beskrive det, seier Johansen Myklebust.

Dansen var over på to minutt, men vart avslutta av eit nytt høgdepunkt for Johansen Myklebust.

– Når vi var ferdige å danse så fekk eg ein kjempegod klem av Isac på scena. Det var så koseleg, fortel ho.