Hopp til innhold

Rykte ut til røykutvikling

Brannvesenet i Solund rykte onsdag kveld ut etter at det kom melding om kraftig røykutvikling på verftet på Hardbakke. Brannsjef Terje Drengenes opplyser til NRK at situasjonen var avklara då dei kom fram, og at det var ein kabletrommel ombord i eit fartøy under bygging det kom kraftig røyk frå.