Hopp til innhold

Sterk usemje om regjeringa si nynorsksatsing

Statssekretæren og nynorskmiljøet er rykande usamde om nynorsksatsinga i Statsbudsjettet. Medan Bjørgulv Vinje Borgundvaag skryt (H) skryt over auka tilskot til fleire institusjonar, meiner miljøet seg oversett av regjeringa.

Statssekretær Bjørgulv V. Borgundvaag

EIT GODT BUDSJETT: Statssekretær Bjørgulv V. Borgundvaag i kulturdepartementet var tysdag i Førde for å snakke om kulturpolitikk. Regjeringa har vorte kritisert for ikkje å ta vare på nynorsken i årets statsbudsjett, noko Borgundvaag er svært ueinig i. – Dette er eit godt budsjett for nynorsken, seier han.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

– Dette budsjettet tek vare på nynorsken, seier ein nøgd statssekretæren Bjørgulv Vinje Borgundvaag (H).

Han ramsar opp ei liste av nynorske tiltak og organisasjonar som skal få auka økonomisk støtte i det nye statsbudsjettet for 2015.

Borgundvaag nemner Nynorsk Kultursentrum, Nynorsk Pressekontor, Samlaget, Noregs Mållag og Det Norske Teatret.

– Dårleg nytt for nynorsken

Ein som derimot er usamd med Borgundvaag, og meiner forslaga i statsbudsjettet er dårleg nytt for nynorsken, er dagleg leiar i Nynorsk Forum, Ottar Grepstad.

Forumet er eit samarbeidsorgan som arbeider for å fremje nynorsken.

Ottar grepstad

NYNORSKBRUKARAR FORTENER BETRE: Dagleg leiar i Nynorsk Forum, Ottar Grepstad, meiner nynorskbrukarar fortener eit betre statsbudsjett.

Foto: Privat

– Vi har nok ulik oppfatning av røynda, statssekretæren og nynorsk miljøet, seier han og meiner at det aldri har vorte satsa så lite på nynorsk som no.

Føreslo institusjonar

Nynorsk Forum føreslo til saman fire nynorske institusjonar og tiltak som dei meiner er svært viktig for nynorsken og som det er absolutt nødvendig å satse på. Dette gjeld Landssamanslutninga av nynorske kommunar (LNK), Nynorsk Avissenter, Norsk ordbok og Det Norske Teatret.

LNK og Nynorsk Avissenter kom svært dårleg ut, regjeringa ynskjer nemleg ikkje å støtte dei økonomisk i det heile tatt.

Eit samla nynorsk miljø har sagt at dette er det dårlegaste nynorskpolitiske statsbudsjettet på svært mange år.

Ottar Grepstad


I det samla kulturbudsjettet frå tidlegare år vart nynorske tiltak tildelt 3,4 prosent i 2000 og 3,3 i 2005. Men for 2015 er den heilt nede på 2,6. Trass i at statssekretæren ramsar opp fleire som kjem til å få auka tilskot, så er røynda noko anna meiner Grepstad.

– Auka er mindre enn lønnsveksten slik at det i realiteten er ein realnedgang til alle dei nemnde institusjonane, presiserer han.

LNK er svært oppgitt

LNK er ei interesseorganisasjon med over 120 medlemmar. Tidlegare har kulturdepartementet gjeve eit lite tilskot på 1,1 million kroner. Det meiner me av prinsipielle grunnar ikkje er riktig å vidareføre, nettopp fordi det er ein interesseorganisasjon.

–Med så mange medlemmar og ein auke i kontingenten så er budsjettet deira dekt. Så dette meiner eg ikkje er dramatisk for LNK, seier statssekretæren.

Solfrid Borge, ordførar Ullensvang

STATEN SVIKTAR NYNORSKEN: Ordførar i Ullensvang kommune, og styreleiar i LNK, Solfrid Borge, meiner staten ikkje gjer nok for å halde oppe nynorsken.

Foto: Ullensvang Kommune

Solfrid Borge, styreleiar i LNK seier at det er for lettvint å påstå at det ikkje er nødvendig å vidareføre støtta til LNK fordi det er ein interesseorganisasjon.

– Staten tar ikkje ansvar for å halde oppe nynorsk kultur og språk og då må LNK gjere noko med. LNK driv med mykje meir enn å pleie medlemmane sine, seier ho.

Borge fortel vidare at kontingenten som dei tek inn frå medlemmane er ein liten kontingent. Den går til den generelle drifta.

I tillegg jobbar dei blant anna med å fremje nynorskopplæring i barnehage og skular.

Dei driv også digitale oppslagsverk slik som framtida.no som er det einaste nynorskføretaket for ungdom på nett. Ho nemnar at det er blitt mykje betre enn det har vore ein stund, men staten har på langt nær lagt skikkeleg til rette for opplæring på nynorsk.

Eg syns rett og slett at dette er til å halde nynorsken for narr!

Solfrid Borge

Treng hjelp for å leve vidare

Nynorsk Avissenter, som heller ikkje er blitt løyvd pengar, vart oppretta i 2013. Dei rekrutterar nynorskbrukarar som ynskjer å bli journalistar. Avissenteret har ikkje vore inne på statsbudsjettet som ein eigen post før. Tidlegare har dei fått støtte frå andre aktørar som har gjort det mogleg for Avissenteret å drive prosjektet.

No ynskjer dei å gjere det om til ei stifting for å få permanent og langsiktig drift. At regjeringa ikkje har rom til dei i det nye statsbudsjettet, seier dagleg leiar Ivar Longvastøl kan få konsekvensar for Avissenteret.

Det går inn i det mønsteret ein har sett, at nynorsken ikkje er viktig for den blå-blå regjeringa, seier Longvastøl.

Ivar Longvastøl
Ivar Longvastøl

NYNORSKJOURNALISTAR ER VIKTIG: Ivar Longvastøl, dagleg leiar i Nynorsk Avissenter meiner regjeringa nedprioriterer framtidige nynorskjournalistar.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Longvastøl fortel at det er viktig å ha dyktige nynorskjournalistar som meistrar digitale medium. Det er avgjerande for at nynorske aviser skal ha den viktige posisjonen dei har i dag, slik at dei kan halde oppe nynorsk som eit moderne og levande språk.

Dersom me ikkje kjem inn i statsbudsjettet så vil det seie at me må stenge dørene om to månadar, seier Longvastøl.

Framleis optimistiske

Nynorsk Forum, LNK og Nynorsk Avissenter fortel at dei ikkje har gjeve opp og at dei kjem til å arbeidde aktivt for å få viljen sin til det endelege statsbudsjettet.

Avissenteret har allereie hatt eit møte med KrF og Venstre som dei er svært nøgde med.

Statssekretæren derimot bekreftar at det er blitt gjort noko endringar, men avsluttar med å seie at det alt i alt er eit godt budsjett for nynorsken.