– Det er bra at vi ryddar, for då ligg ikkje alt strødd i naturen, og så blir det litt finare, seier Ragna Elise Sivertsen Vanebo.
Ryddeaksjonen i Værlandet og Bulandet er ein del av Strandryddedagen. Det er femte år på rad at Hald Noreg Rent arrangerer ein landsomfattande ryddedugnad
– Vi ryddar i strandsona for å få vekk bosset og tene pengar til skuletur. seier Alexander Strømsnes Nordstrand.
Brukar ein skuledag
Elevane frå sjette og sjuande klasse ved Bulandet skule har i dag brukt ein heil skuledag på rydde strendene for boss som har flote i land. Ingvill Oddekalv er ivrig opptatt av å halde det fint i strandsona også på fritida.
– Vi har funne veldig mykje flasker og plast og slikt. Det er veldig stygt, seier Ingvill Oddekalv.
Plukka tre tonn boss
I løpet av torsdagen har dei flittige elevane fylt fleire stor sekker med boss. I alt tre tonn har dei samla saman i løpet av nokre timar
– Hadde alle ungdommar vore like flinke til å plukke søppel som desse elevane, så hadde det ikkje vore noko problem, seier miljøvernsjef hjå Fylkesmannen, Nils Erling Yndesdal.
Yndesdal seier behovet for rydding av strender er svært stort, og frå fylkesmannen i si side er det svært uroa over all plasten dei finn.
– Dei små plastpartiklane går inn i næringskjeda og kan føre til store skadar på både fugl og dyr som lever i havet.
– Folk bør tenke litt meir over kva dei gjer, og ikkje kaste søppel i naturen. Søppelet forsvinn ikkje med ein gong det blir liggande å sjå stygt ut, seier Ingvill Oddekalv.