Hopp til innhold

Slik fekk russebilen «Flower Power» prisen for beste russesprell

Russen lokka med litt is og fekk hjelp av fleire små barnehender til å dekorere russebilen sin. No kan gjengen bak russebussen «Flower Power» ete pizza til dei sprekk på NRK si rekning.

Astrid Wûrtz viser fram dekoren på russebilen Flower Power

STILIG: Juryen meiner måten Astrid Wûrtz og dei andre barnehageungane har dekorert russebussen Flower Power er veldig stilig.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Russebilen er veldig stilig, og har ein litt alternativ dekorasjon, seier jurysjef Roy Raasholm Fauske, som er redaksjonssjef i NRK Sogn og Fjordane.

Dagen før russefeiringa er slutt kunne han overraske ein gjeng russ frå Førde-området med premien for det beste russesprellet. Russebilen deira skil seg litt ut frå mengda, for rundt heile bilen kan ein sjå avtrykka av små barnehender.

(Artikkelen held fram under biletet)

Beste russesprell - dekorerte russebilen ved hjelp av små barnehender

DEKOR: Både små og store hender fekk plass på russebilen.

Foto: Privat

Fekk hjelp av rosarussen

NRK Sogn og Fjordane inviterte russen i fylket til å konkurrere om kven som hadde det beste russesprellet. Det kunne vere alt frå ein spesiell russebil, det å samle inn pengar til eit godt formål eller andre morosame stunt.

Roy Raasholm Fauske delar ut prisen for beste russesprell

PREMIE: Roy Raashom Fauske delar ut premien på vegner av NRK Sogn og Fjordane.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Russebussen «Flower Power» var det sprellet som imponerte juryen mest. Her har Lars Listau og dei andre medrussane fått med seg barnehageungar til å dekorere bilen.

– Vi fekk ideen då vi hadde brainstorming for å finne namn på bilen, fortel Listau om sprellet.

Den raude Toyotaen kom køyrande inn i Kyrkjevegen barnehage i Førde ein fredag, og der fekk dei hjelp av små hender.

Rosarussen sine små hender er nemleg litt finare å ha trykt utover bilen enn dei store nevane til russebilens eigarar. Med litt store og litt små handtrykk vart det ein spesiell dekor.

– Dette var kjekt for både oss og ungane, seier Lars Listau.

Lokka med is

Han fortel at sjølve dekoreringa gjekk svært så fint for seg, men vedgår at dei måtte bruke litt lokkemiddel for å få det til å gå knirkefritt.

– Vi motiverte dei med litt is, så då gjekk det fint, ler han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rosarussen og russen delar ut russekort

RUSSEKORT: Både store og små russar har russekort no til dags.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Ufortent dårleg rykte

Redaksjonssjef i NRK Sogn og Fjordane, Roy Raasholm Fauske, seier NRK med kåringa ønskte å oppmode russen til positiv aktivitet. Ein viktig føresetnad for dei som skulle vere med var at det ikkje skulle innebere bruk av alkohol eller plaging av andre.

– Russen har kanskje eit litt ufortent dårleg rykte. Ein høyrer som regel om fyll og spetakkel, men dei fleste russ er kreative, snille og hyggjelege ungdomar, seier Raasholm Fauske og legg til:

– Difor hadde vi lyst å heidre eit russestung som var litt annleis enn det vi stort sett høyrer om russen.

– Veldig stilig

Premien til Lars Listau og dei andre på russebilen «Flower Power» er eit gåvekort på 2000 kroner på ein valfri pizzarestaurant. Raasholm Fauske seier dei fargerike barnehandtrykka gjorde susen.

– Som regel er det mykje reklame på russebilane, men ideen om å bruke maling på denne måten, den synest vi var veldig stilig.

Andreas Gloppeholm Hjelle seier premien kjem godt med etter ei travel russetid. Ikkje minst etter at dei har hatt store utlegg på bilen. Både clutchen og eit bremserøyr har takka for seg til den nette sum av over 9000 kroner.

- Gåvekortet kjem godt med, seier han og dei andre som er svært glade.

Gjengen bak russebilen Flower Power

GJENGEN: Frå venstre Torbjørn Frøysland, Fredrik Hovland, Anders Vilnes Øren, Malin Engen Haugland, Andreas Gloppholm Hjelle og Lars Listau. Sindre Alisøy og Marius Solheim var ikkje med.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK