Hopp til innhold

Rush av Nordfjord-fødslar i Volda

Berre den første veke etter nedlegginga av fødeavdelinga på Nordfjord sjukehus var det seks nordfjordingar som kom til verda på sjukehuset i Volda.

Volda sjukehus

MANGE NORDFJORD-FØDSLAR: Berre frå tysdag til fredag denne veka har det noko seks nordfjordingar til verda på sjukehuset i Volda.

Foto: Helse Sunnmøre

Måndag denne veka var det heilt slutt for fødeavdelinga ved sjukehuset på Nordfjordeid.

Etter det har dei gravide Nordfjord-kvinnene måtte ta turen til sjukehuset i Volda, og berre frå tysdag til fredag har seks nye verdsborgarar frå Nordfjord kome til verda her, skriv Sunnmørsposten.

Opninga av Kvivsvegen gjer at reisetida frå Nordfjord til sjukehuset i Volda har blitt langt kortare, og ei av dei som tok turen på den nye vegen til sjukehus var Ann Kristin Riise frå Stryn. Ho seier ho merka at det framleis var vegarbeid på deler av vegen.

– Riene auka i takt med storleiken på holene i vegen der, så eg måtte be barnefaren og sjåføren om å slakke ned, fortel ho til Sunnmørsposten.

Klar for travel månad

På fødeavdelinga ved Volda sjukehus ventar avdelingsjordmor Haldis Nilsen mange nordfjordingar i løpet av oktober. Kor mange det blir på årsbasis kan ho ikkje svare på no.

– Grovt sett kalkulerer vi med ein auke på 150–200 fødslar etter nedlegginga på Eid. Nærare kan vi ikkje seie det før vi ser, seier Nilsen til avisa.

For jordmødrene på Nordfjord sjukehus har det no blitt mindre å gjere. Fødslar vil ikkje lenger skje her, men i staden skal jordmødrene drive med følgjeteneste. Sjukehuset i Eid skal også tilby poliklinikk for gravide, ammepoliklinikk, naudfødestove, barselavdeling, sal av jordmortenester til kommunane.

Nilsen ved sjukehuset i Volda seier til Sunnmørsposten at ho ikkje veit kor mange av kvinnene frå Nordfjord vil reise tilbake til Eid for å ha barselopphaldet der.

Siste jente vart fødd på søndag

Den siste fødselen på Nordjord sjukehus fann stad på søndag. Då kom ei jente på 3620 gram til verda. Dei stolte foreldra Anne Hilse Hildenes og Robert Engeland var glade dei slapp å reise til Volda.

– For min del var eg veldig glad eg rakk å få her siste dagen. Men det er jo litt vemodig stemning på avdelinga. Jordmødrene seier at det ikkje har gått opp for dei at dette verkeleg skjer, sa den nybakte mora til NRK.no tidlegare denne veka.

Jordmor Liv J. Nesbakk fekk æra av å ta i mot det siste barnet ved fødeavdelinga i Eid. Etter 30 år som jordmord vart det ein spesiell fødsel.

– Det er ei veldig rar kjensle, sjølv om prosessen har gått over så pass lang tid. Vi visste dagen ville komme, men vi skal jo framleis ha kontrollar og barsel, sa Nesbakk til NRK.no måndag.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jordmor Liv J. Nesbakk, saman med dei nybakte foreldrene.

SISTE FØDDE: Anne Lise Hildenes og Robert Engeland si fjerde jente vart det siste barnet fødd ved fødeavdelinga i Eid. Her saman med jordmor Liv J. Nesbakk.

Foto: Stig Høynes

Blanda følelsar ved å føde i Volda

Anja Sefland frå Eid måtte også ta turen til Volda då det fjerde barnet hennar skulle kome til verda denne veka. Både ho og Ann Kristin Riise frå Stryn er godt nøgde med korleis dei har blitt mottekne, skriv Sunnmørsposten.

Likevel seier Sefland at ho har sterkt blanda følelsar ved å føde i Volda og ikkje i heimkommunen.

– Ja, til liks med så mange andre var eg med og prøvde slå ring om lokalsjukehuset vårt på Eid. Vi gjekk i fakkeltog og gjorde alt vi kunne, seier ho til Sunnmørsposten og legg til:

– Men ingen av våre argument nådde fram. Det er temmeleg rart å bu under fem minuttar frå sjukehuset, og så ende opp med å bruke femti minuttar i ambulansebil til Volda. Slik helsepolitikk er og blir eit tankekors for meg.