Hopp til innhold

Rusa ung mann stal bil og krasja i hus

Den unge mannen kan vente seg eit oppgjer med lovas lange arm etter at han i natt vart pågripen i Sogndal.

Politiet på Twitter

MISTANKE OM RUS: Skriv politiet om hendinga i Sogndal på sin Twitterkonto natt til laurdag.

Foto: skjermdump, Twitter.com

Like over midnatt fekk politiet melding om at ein bil hadde køyrd i og knekt ei søyle på ein terrasse i Dalavegen i Sogndal. Ein person vart observert då han stakk frå staden.

Politiet starta leiting i området, og seinare på natta arresterte dei ein tenåringsgut. Den unge mannen er mistenkt for å ha køyrd bilen i rusa tilstand. I tillegg viste det seg at bilen han hadde krasja med var stolen.

Det er teke blodprøve av vedkommande og saka blir følgd opp vidare av lensmannskontoret i Sogndal.

Stogga for hjort – påkøyrd bakfrå

I 02-tida natt til laurdag rykte politiet i Førde ut etter melding om eit trafikkuhell ved Nordheitunnelen på fylkesveg 609 like vest for Førde.

Ein bil hadde stogga for ein hjort som sprang over vegen, og vart då påkøyrd bakfrå av ein bil som kom bak. Føraren av den fremste bilen vart send til lege for sjekk.

Klokka 02.43 fekk politiet melding om ein person som låg i sentrum av Florø og sov. Politiet reiste til staden, og ei kvinne vart teken hand om av vener som var i området.

Fire til sjukehus

Politi, brannvesen og ambulansar vart like før klokka 03 sende til Eikefjord. I samband med eit arrangement vart brannalarmen utløyst, men ifølgje politiet var det ikkje teikn til brann. Men det var ei kraftig svilukt på staden, og fire personar vart sende til Førde med ambulanse.

AMK ved sentralsjukehuset opplyser at dei fire ligg inne til observasjon.

Operasjonsleiar Inge Verøy ved Sogn og Fjordane politidistrikt seier det var funne aluminiumsfolie på staden som bar preg av å vere svidd, og at det truleg er dette som har utløyst den kraftige lukta.

Festglade menneske i Førde fekk besøk av politiet i 03-tida i natt. Politiet rykte ut etter melding om feststøy frå husværet, men fekk bebuarane til å skru ned musikken då dei kom til staden.