Hopp til innhold

16-åringar får røysterett i Luster

16- og 17-åringar får røysterett i Luster også ved neste års kommuneval. Kommunen var med i eit forsøksprosjekt i 2011, og er plukka ut også til neste år.

Valg stemmeavlukke

FÅR RØYSTE: 16 og 17-åringar i 20 kommunar skal også ved kommunevalet til neste år få gje si røyst.

Foto: Siri Wichne Pedersen / NRK

– Dette er gledeleg at vi får vere med også denne perioden, seier Ivar Kvalen (Sp) som er ordførar i Luster.

124 kommunar søkte, men berre 20 kommunar fekk delta. Luster er einaste frå fylket vårt. Då kommunen var med røysterett for 16- og 17-åringar i ved kommunevalet strøymde ungdommane til valurne.

– Eg må vel seie at det var ein stor suksess. Luster var den gong den kommune som hadde størst valdeltaking blant ungdommen. Heile 82 prosent.

Ordførar Ivar Kvalen meiner dette betyr svært mykje for den politiske interessa til ungdommane i Luster

Ivar Kvalen

GODE ERFARINGAR: Ordførar i Luster, Ivar Kvalen (Sp).

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Eg meiner det er viktig at ungdom får høve til å påverka dei politiske avgjerdene i eigen kommune, og eg oppleve at både samfunnsengasjementet og den politiske interessa hå dei unge her i Luster har auka etter at vi vart med i prosjektet.

– Men er 16 og 17 åringar modne nok til å vere med å røyste?

– Ja, det meiner eg absolutt. Eg opplever faktisk stort engasjement, og mange ungdommar set seg godt inn i dei politiske sakene i kommunen.

– Ein skal på ingen måte undervurdere 16-åringar når det gjeld politiske meiningar.