Hopp til innhold

Gamleordføraren ville stå på siste-plass - så vart han varaordførar

Ordførar Alfred Bjørlo (V) får med seg partikollega Gunvald Ludvigsen som ny varaordførar i Eid når det nye kommunestyret konstituerer seg 6. oktober.

Gunvald Ludvigsen (V)

RØYND: Innbyggjarane i Eid får ein røynd varaordførar i Gunvald Ludvigsen (V).

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Gunvald Ludvigsen (62) var ordførar i Eid frå 2003 til 2005 då han vart vald inn på Stortinget. I perioden 1983 til 1990 var han også rådmann i same kommune.

– Med Gunvald Ludvigsen får Eid ein varaordførar med brei politisk erfaring og nettverk både lokalt, regionalt og nasjonalt, seier Venstre sin listetopp ved kommunevalet og påtroppande ordførar Alfred Bjørlo.

Stod på sisteplass

Samstundes var det aldri meininga at Ludvigsen skulle gjere comeback i lokalpolitikken. Han ville berre stå på sisteplass for å fylle lista for Venstre.

Men han fekk så mange personstemmer og slengarar at han likevel kom inn i kommunestyret.

– Dei ville ha 35 namn, og eg takka ja til å stille opp på sisteplass, sa Ludvigsen til NRK då det vart klart at han klatra til tredjeplass på lista etter valet.

– Eg ser fram til det. Eg er jo interessert i politikk, sa gamleordføraren.

V + H = sant

Ludvigsen er opphavleg frå Leirfjord i Nordland. Utdanna sosialøkonom, har 62-åringen vore banksjef i DnB og direktør ved Nordfjord sjukehus frå 1993 til han vart vald inn som ordførar.

I dag arbeider han som administrasjonssjef ved Nordfjord Psykiatrisenter.

Venstre og Høgre har gått inn avtale om eit valteknisk samarbeid i Eid.

Medan valvinnar Bjørlo & co får både ordførar og varaordførar, får Høgre eitt ekstra formannskapsmedlem og leiarvervet i det nye Driftsutvalet.

– Partia er vidare samde om å tilby Senterpartiet, leiarvervet i Samfunnsutviklingsutvalet, som er det andre av dei to hovudutvala i den nye politiske organiseringa i Eid kommune, seier Bjørlo.

Rekordval

I kommunestyresalen får Venstre 13 representantar etter rekordoppslutnaden på 44 prosent ved valet. Brit Moa blir saman med Bjørlo og Ludvigsen partiet sine representantar i Formannskapet.

Vidare er det avklara at Arild Nøstdal blir partiet sin gruppeleiar i kommunestyregruppa, og går inn i Driftsutvalet. Siv Langøen Rotevatn blir nestleiar i gruppa og går inn i Samfunnsutviklingsutvalet.

Andre plasseringar av Venstre sine representantar i utvala vil bli avklart fram mot konstitueringa 6. oktober.