Hopp til innhold

Ei kvinne til sjukehus for kontroll

Alle skal vere berga trygt ut av Frudalstunnelen på riksveg 5 mellom Fjærland og Sogndal, etter at det oppstod kraftig røykutvikling i ein lastebil. Tunnelen er no opna att for fri ferdsel. Ei kvinne vart send til sjukehus for kontroll.

tunnel frudalstunnelen

RØYK I TUNNEL: Dette biletet er teke av ein av bilistane som klarte å kome seg ut av tunnelen då den sterke røykutviklinga skjedde.

Riksveg 5 er stengd på staden, og situasjonen var lenge uoversikteleg. NRK har vore i kontakt med fleire av av bilistane som er i tunnelen, og dei melder om dramatiske minutt før dei kom seg ut.

– Det er svart av røyk her inne og nesten umogleg å sjå noko. Etter det vi forstår har det vore eit vogntog som har teke fyr, fekk NRK opplyst.

Ein annan bilist tenkte med ein gong på det som skjedde i Gudvangatunnelen i august, då eit polsk vogntog tok fyr og fleire titals vart frakta til sjukehus med røykskadar.

Sjåføren melde frå sjølv

– Det var svært vanskelege forhold og veldig uoversikteleg, vi tenkte med ein gong på Gudvangatunnelen og det som skjedde der, fortel ein sjåfør NRK har vore i kontakt med.

Brann, ambulansar politi og luftambulanse rykte ut til tunnelen. Det vart køyrd full utrykning frå begge sider av Frudalstunnelen.

– Det var sjåføren sjølv som melde frå om det som hadde hendt, fortel operasjonsleiar Olaug Holme hos politiet til NRK.no.

Ei kvinne vart send til sjukehus for kontroll etter hendinga i tunnelen.

Utrykning Frudalstunnelen

HELIKOPTER: AMK tok ingen sjansar, og sende ut både ambulansar og helikopter til tunnelen.

Foto: Arve Uglum / NRK


Hentar ut køyretøy

I følgje Sogn Avis var brannvesenet klokka 16.10 på veg gjennom tunnelen for å klarere den, og at føraren skal ha kome seg ut av tunnelen.

– Vi har fått bekrefta at det har vore røykutvikling frå ein lastebil, så no held vi på å gjennomsøke tunnelen og klarere den. Det er uklart kor mange som har vore i tunnelen på det tidspunktet dette vart meld. No har vi rimeleg bra oversikt, over dei som har vore i tunnelen og dei køyretøya som står att, opplyser Frode Korneliussen ved brannvesenet sin alarmsentral til NRK.

Gass og røyk ute av tunnelen

Ketil Molvær ved vegtrafikksentralen opplyste at nokre forlatte køyretøy skulle fjernast, før tunnelen kunne opnast att for fri ferdsel no klokka 17.05.

– Det er ikkje gass igjen i tunnelen, nokon målarar viser null, stadfestar at røyken er kome ut. Vi har fått beskjed om at lastebilen er teken ut av tunnelen. Det var veldig tett røyk, men brannvesenet er på veg inn no for å få henta ut dei resterande køyretøya. Mellom anna ein trailerhengar, opplyser Molvær.

Utrykning Frudalstunnelen

FULL UTRYKNING: Brannfolk og ambulansar er på plass på austsida av Frudalstunnelen i Sogndalsdalen.

Foto: vegkamera