Sterk røykutvikling på Årdalstangen - Foto: Privat MMS-foto /
Foto: Privat MMS-foto

Røykfylt på Årdalstangen

Det var sterk røykutvikling på Årdalstangen fredag føremiddag. Årsaka var brann i ein av omnane på Årdal Karbon.

 

 

Det vart nokså røykfylt for folk på Årdalstangen - Foto: Hanne Stedje, Porten.no /
Foto: Hanne Stedje, Porten.no

Ingen personar kom til skade, men evakueringsalarmen gjekk, så alle arbeidarane i anodefabrikken måtte ut. Brannen fører til at produksjonen blir stansa, men kjem i gang så snart temperaturen i omnen kjem ned på eit forsvarlig nivå.

- Brannen er nå sløkt, og alt er under kontroll, seier brannmeister på Hydro, Inge Steinheim.

 

Preben Moen (22) hadde allereie sagt ja til å overta Gloppen hotell etter faren, Dag Moen. Men det skjedde litt meir brått enn venta, då Dag døydde i påska.
Ørna var nære på å ende sine dagar i ei revesaks sett ut ved Førdefjorden, men den blei funnen og tatt hand om.
På Sunnfjord museum i Førde ligg det lagra over 13000 gamle gjenstandar. Men både dei tilsette og styret uroar seg over lagringstilhøva. I verste fall kan eldgamal kulturhistorie bli øydelagt.