Hopp til innhold

Kan bli slutt på lokal vurdering av rovdyr

Det kan bli slutt på at lokale fagfolk og politikarar skal vurdere kva arbeid som skal gjerast for og imot rovdyr.

Statssekretær i Miljøverndepartementet; Lars Andreas Lunde

SER PÅ FORVALTNINGA: No skal rovviltnemndene under lupa til Miljøverndepartementet. Statssekretær Lars Andreas Lunden seier dei er i gong med ei evaluering.

Foto: BJORN H STUEDAL / www.stuedal.no

Rovviltnemndene vert no evaluert av Miljøverndepartementet som betyr at dei kan forsvinne. Leiar i rovviltnemnda Noralv Distad meiner dei regionale nemndene er viktig for å sikre lokalkunnskapen.

Miljøverndepartementet har starta arbeidet med evaluere den regionale forvaltninga av rovdyra. Det kan bety slutten for dei åtte regionale rovviltnemndene landet har i dag, og staten.

– Når det gjeld den regionale forvaltninga held vi no på med ei evaluering. I dag vert rovdyra forvalta av dei regionale nemndene, og vi vil gå inn å sjå på den forvaltninga som skjer i der og samstundes sjå på dei regionale bestandsmåla, seier statssekretær i Klima- og Miljøverndepartementet Lars Andreas Lunde.

Rovdyr over grensene
Jerv
Foto: BBC

Han fortel at dette er eit arbeid dei no startar i 2015 som vert fullført i 2016, og som er ein del av det rovviltsforliket som Stortinget vedtok i 2011.

– I den samanheng er det også naturleg å gå inn å sjå på rovdyr som beveger seg over grensene, og rovdyrbestanden nær grensene, seier Lunde.

Fleire bønder er fortvila etter årets beitesesong. I Indre Sogn kan 400 sau og lam vere tekne av jerv.

Rovviltnemnda i kvar forvaltningsregion har i dag ansvar for at bestandane av rovvilt vert haldt oppe på eit nivå bestemt av Stortinget. Sogn og Fjordane fylke høyrer til region Vest-Norge som òg inkluderer Hordaland, Rogaland og Vest-Agder.

Lokalkunnskap er viktig

Noralv Distad

LOKALKUNNSKAP: Rovviltnemndene er viktige å halde oppe, seier Noralv Distad i rovviltnemnda Region 1.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Leiar i rovviltnemnda, Noralv Distad (H) meiner det er viktig at dei lokale rovviltnemndene held fram, men kjenner ikkje til at departementet no ser nærare på forvaltninga til nemndene. Noralv Distad

– Dei sikrar god lokalkunnskap og det vert lett å halde kontakt med dei ulike interessene som knyter seg opp til både rovviltsforliket som Stortinget har fastsett og situasjonen i beitenæringa, seier Distad.

Han trur at om staten tek over og avgjerdene vert flytta lenger vekk frå dei råka områda så vil det føre til ei uheldig utvikling.

– Ein vil uansett vere avhengig av å ha nokon som jobbar med det lokalt. Eg kan ikkje sjå at det vil vere noko føremålstenleg løysing. Eg kjenner godt vår eiga nemnd og har vore i møte med fleire andre, og forstår det slik at det er viktig med lokalt skjønn og lokalkunnskap i desse sakene.