Hopp til innhold

Rovdyra kjem nærmare

Bøndene fryktar blodige tilstandar på beite når politikarane i Oppland vil tillate ynglande jerv og gaupe i sine vestlegaste kommunar.

I jervens rike

NÆRMAR SEG: Politikarane i Oppland vil opne for meir ynglande jerv i kommunar som grensar mot Sogn og Fjordane.

Foto: Picasa 2.6

Stortinget har bestemt at Oppland skal ha ynglande jerv og gaupe.

No vil eit fleirtal i Oppland fylkesting utvide dagens yngleområde aust og sør i fylket for å lette rovdyrpresset mot husdyra der.

– Det er veldig uheldig. No kan ein fort oppleve fleire ynglande tisper heilt inn til våre beiteområde, og då veit vi at vegen over her er kort. Då får vi store følgjer, seier Arne Bjørk, rovviltkontakt i Jostedalen sankelag.

– Dramatisk

Jenny Følling

DRAMATISK: Sp-politikar Jenny Følling.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Stortinget har bestemt at det ikkje skal vere ynglande jerv eller gaupe i Sogn og Fjordane.

Senterpartipolitikar Jenny Følling meiner vedtaket i Oppland er dramatisk for fjordfylket.

– Når ein får yngling i Oppland, nær inn til grensa for Sogn og Fjordane, så vil det overføre skade til vårt fylke. Det bør ein rett og slett unngå. Det er heilt klart at får ein yngling opp til grensa, så vil desse rovdyra hente mat i Sogn og Fjordane. Det vil medføre auka skadetrykk på husdyrbestanden i fylket vårt, seier ho.

For lite yngling

Medan sauene og andre husdyr i Sogn og Fjordane skal kunne leve rimeleg trygt for rovdyra, har Stortinget sagt at Oppland skal ha fire årlege ynglingar av jerv og fem av gaupe.

For å få dette til må ein ha ein bestand på kring 25 jervar og 30 gauper før yngling. Leiar i rovviltnemnda i Oppland, Reidun Gravdal, seier dei har vanskar med å følgje opp vedtaket.

– Vi skal ha fire ynglingar med jerv. I løpet av tre år har vi aldri klart å oppnå det i det området vi har vedteke i dag. Når det gjeld gaupe, så er den spreidd over heile fylket, men vi har vedteke yngling syd i fylket. Vi har ein til to ynglingar i året, men skal ha fem, seier ho.

Yngling også i dag

I dag har Oppland eit lite område for ynglande jerv nord og aust for Gudbrandsdalslågen og Rauma. Heilt sør i fylket skal gaupa yngle, men Gravdal seier at også dette området, som allereie er fullt av bjørn, må utvidast.

Dermed ligg det an til å bli opna for jerveyngling i Skjåk og Lom, samt gaupeyngling i Vang.

– Vi ynskjer jo sjølvsagt ikkje å ha noko som vandrar over til Sogn og Fjordane. Det får vi uansett ikkje hindra, for vi har yngling i Vang i dag også. Vi har også yngling i Lesja, seier Gravdal som ikkje trur at rovdyrtrykket mot Sogn og Fjordane nødvendigvis vil auke.

Får ikkje ta ut

Arne Bjørk og Einar Fortun.

UHELDIG: Rovviltkontakt Arne Bjørk, her i samtale med fjelloppsynsmann Einar Fortun.

Foto: Arne Eithun / NRK

Rovviltkontakt Arne Bjørk i Jostedalen sankelag er derimot overbevist.

– Dei har rett i at det er yngling, men slik det er i dag så kan vi få vedtak at dei skal takast ut. Det er gjort ganske ofte. Dersom dei får området inn i sitt yngleområde, så vil ikkje vi få uttak meir. Då vil bestanden auke, seier han og håpar at rovviltnemnda i nabofylket tek til fornuft og legg opp til ei buffersone inntil fylkesgrensa.

Ynskjer buffersone

Det er Følling samd i.

– Ein burde sagt noko nasjonalt om buffersone mot fylke som ikkje skal ha yngling slik at ein ikkje overfører skade til fylke som ikkje skal ha yngling, meiner senterpartipolitikaren.

Gravdal er derimot skeptisk til ei buffersone. Oppland har for mange nabofylke.

– Vi har sju naboar. Vi får ikkje samla alt midt i fylket, seier ho.