Hopp til innhold

Ronny blir morgonfugl

Ronny Brede Aase frå Førde skal saman med Live Nelvik og reporter Yngve Hustad Reite ha ansvar for den nye morgonsendinga til NRK P3.

Ronny Brede Aase
Foto: Sandra Lund-Andersen

Frå måndag kan du høyre trioen kvar morgon i radioen din.

Les og: Morratrynene som vekker deg .

– Kan sove til fem om ettermiddagen

Dei som kjenner Ronny Brede Aase veit at han langt frå er nokon morgonfugl. Men han ser likevel lyst på å måtte stå opp klokka fem om morgonen.

– Eg har stått opp tidleg nokre dagar og testa dette. Eg er B-menneske som gjerne kan sove til klokka fem om ettermiddagen dersom eg har sjansen til det. Men no har eg oppdaga at når eg står opp før dei fleste andre er det roleg og aldri trafikkork, og verda går litt saktare på morgonen, så eg er litt frelst. Men det seier eg no.

– Skremmande og deilig

– Dette er ein programleiarjobb for ei av dei største morgonsendingane i landet. Kva tenkjer du om det?

– Det blir uhyre spennande. Då eg gjekk på vidaregåande på Mo og Jølster sat eg på bussen kvar dag. Då diskuterte vi dagens P3 Morgen fordi vi syntest det var så gøy å høyre på. Alle hadde høyrt på det, og så måtte vi berre sitte og fordøye det og diskutere det, for det var så bra. No skal eg inn i det programmet, og det er både skremmande og deilig.

– Kva blir den største utfordringa?

– Det blir vel å halde på den positive innstillinga til det å stå opp tidleg som eg har no. Eg veit ikkje korleis det fungerer å stå opp tidleg over lengre tid, men det finn eg ut av.

Live Nelvik og Ronny Brede Aase
Foto: Kom Erlandsen / NRK

– Smittande energi

Vilde Batzer er redaksjonssjef for humor og underhaldning i NRK P3. Ho meiner Ronny Brede Aase er midt i blinken som morgonvert.

– Du høyrer vel det når han snakkar. Han har ein fantastisk energi som iallfall smittar på meg, og så har han veldig fin dialekt som er heilt unik i radiobiletet i dag, iallfall på P3. I tillegg har Ronny veldig god forståing for lyd og flyt, og så er han veldig hyggeleg og varm, lett å snakke med, så eg trur dette kjem til å gå veldig bra.