Hopp til innhold

Retten skal på synfaring

Fjordane tingrett skal tysdag ettermiddag på synfaring på ulukkesstaden der ei 49 år gammal seksbarnsmor omkom. Ein 47 år gammal dansk vikarlege står tiltalt for bildrap.

Trafikkulukke ved Bryggja.

DØDSULUKKE: Den danske legen vart sjølv alvorleg skadd i ulukka, medan ein passasjer som sat på med den omkomne kvinna kom frå det utan fysiske skader.

Foto: Øystein Torheim

Politiadvokat Erling Melvær

AKTOR: Politiadvokat Erling Melvær.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Når vi er ferdige med dagen i retten, reiser vi ut på kollisjonsstaden for at retten skal få ei visuell oppleving av korleis ting har sett ut. Det er viktig når retten skal avgjere saka, opplyser aktor, politiadvokat Erling Melvær, til NRK.no.

Rettssaka mot ein 47 år gammal dansk statsborgar tok til i Fjordane tingrett i Førde måndag. Mannen er tiltalt for aktlaust bildrap etter møteulukka som skjedde på riksveg 15 ved Bryggja i Vågsøy 27. mars i fjor.

142 km/t på speedometeret

Påtalemakta meiner tiltalte, som kom frå nattevakt ved Nordfjord legevakt, køyrde i pillerus og heldt altfor høg fart då han frontkolliderte med ein møtande bil.

I retten kom det fram at speedometeret på bilen til tiltalte låste seg på 142 km/t etter ulykka. Tiltalte vedgjekk ikkje straffeskuld då saka mot han starta, og meinte han ikkje kunne lastast for ulukka.

Strafferamma i saka er fengsel i inntil tre år. Under særskilt skjerpande omstende er strafferamma fengsel i seks år. Fjordane tingrett har sett av fem dagar til rettssaka.

Stengjer riksveg 15

Klokka 14 skal tingretten på synfaring på ulykkesstaden.

– Vi kjem ikkje til å bruke identiske bilar, men vi set opp to bilar, der tiltalte sin bil stod, og der den omkomne sin bil stod etter ulukka, fortel Melvær.

Riksveg 15 mellom Måløy og Nordfjordeid blir stengt ved Bryggja mellom kl. 13.30 og 15.30. For personbilar og lokaltrafikk er det skilta lokal omkøyring. Tyngre køyretøy må vente dei to timane vegen er stengd.