Hopp til innhold

Veteranbil skulle leie an 17. mai-toget - så sa motoren takk for seg

Pynta med norske flagg og bjørkeris har den 60 år gamle brannbilen heidersplass fremst i 17. mai toget. Men veteranbilen er sliten på sine gamle dagar og minutt før toget starta stogga motoren heilt.

Video Veteran brannbil fremst i toget i Førde

GÅR BILEN ELLER IKKJE? Brannsjefen i Førde var ikkje heilt sikker på at det skulle fungere med ein veteranbil fremst i toget i år...

– Det gjekk veldig fint då vi køyrde bilen opp til toget, men så stod vi og venta i nokre minutt og då var bilen heilt død, seier ein litt oppgitt brannsjef Bernhard Øberg.

Han vedgår at det er eit lotteri å nytte den gamle brannbilen til å leie an toget som er vel tre kilometer frå start til slutt.

«Problembil» frå 1956

Kvart år får veteranbrannbilen frå 1956 æra av å leie 17. mai toget gjennom den største byen i Sogn og Fjordane. Men det har ikkje alltid gått etter planen. For to år sidan fekk bilen havari undervegs og i fjor var det så vidt bilen klarte å snigle seg heile ruta.

Tidleg om morgonen denne 17. mai er fleire brannmenn i sving for å gjere bilen klar til den viktige oppgåva. Det er ikkje berre utvendig at bilen treng litt ekstra finpuss.

– Motoren er slik den var frå vi fekk bilen i 1956, vi har ikkje gjort nokon form for reparasjonar eller restaurering, fortel brannsjefen i Førde.

(Artikkelen held fram under biletet)

Veteranbrannbil leiar an 17. mai-toget i Førde

STASELEG: Brannbilen var pynta med både norske flagg og bjørkeris i høve den viktige oppgåve.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Ingen vil ha ansvaret for at toget stoggar

Brannbilen var aktiv i teneste for brannvesenet heilt fram til slutten av 70-talet, og vart opphavleg sett inn i toget for å halde styr på russen. Den raude bilen køyrde heilt bakarst i toget for å passe på at toget ikkje vart oppstykka. Seinare har den ei langt viktigare rolle.

Men det er ikkje berre-berre å bruke ein bil som heilt klart har sett sine betre dagar til å leie toget. Brannsjef Bernhard Øberg seier sjåførrolla ikkje akkurat er det brannmennene kranglar om.

– Det er ingen som vil ha ansvaret for at heile toget stoppar opp, ler han.

Har fiksa bremser i to dagar

Og nettopp det har altså skjedd, og framfor årets tog er det knytt stor spenning til om bilen faktisk klarar å gjennomføre oppgåva.

I to dagar har brannmann Jan Svoen arbeidd med å fikse bremsene på bilen.

– Bilen er sliten, og bremsene har vore litt av og på. Dei var anten hardt på, eller hardt av, men vi har fått ordna det, seier Øberg til NRK.no før toget startar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Veteranbrannbil leiar an 17. mai-toget i Førde

FULLFØRTE: Til alt hell klarte bilen å fullføre den tre kilometer lange ruta, også i år.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Så stogga bilen igjen...

Vel framme der toget startar ser alt til å gå som det skal. Men så skjer det brannsjefen hadde frykta. Motoren på bilen stoggar heilt.

– Ikkje no igjen, tenkte eg då, seier brannsjefen.

Men til alt hell klarte ein brannmann med magiske hender, eller eventuelt berre litt bilkunnskap, å få bilen på stell igjen. Kanskje eit minutt forseinka kunne bilen leie an toget.

– Eg er ikkje heilt trygg i dag, kunne brannsjefen fortelje frå toget.

Men det gjekk heldigvis bra i år. Den stivpynta brannbilen held stand gjennom heile toget og brannmannskapet kan puste letta ut.

Brannsjef Bernhard Øberg og sjåfør Jan Svoen

DET GJEKK BRA: Brannsjef Bernhard Øberg og brannmann og sjåfør av veteranbilen, Jan Svoen, er begge glade for at det gjekk bra til slutt.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK