Resultatlaust søk etter 63-åring

Ein miniubåt har heile fredag søkt etter 63-åringen som er sakna i Florabassenget etter at han fall i sjøen frå ein fritidsbåt. Men søket er så langt resultatlaust.

Søk i Florabassenget

INGEN FUNN: Korkje leitemannskap eller miniubåt har gjort funn av den sakna mannen.

Foto: Truls Kleiven

– Søket er avslutta for dagen, utan resultat, stadfestar operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Hans Petter Harlem.

Båten «Sea Worker» kom fredag morgon til Flora og tok i 09-tida til med å søkje etter den sakna med miniubåt.

Startar opp att laurdag morgon

Standby-skipet til Gjøa, «Ocean Alden», søkte tidlegare i veka med ein ROV. Men ubåttypen som «Sea Worker» har med seg er betre eigna til å søkje i sjøen.

– Ein kjem til å starte nytt søk i morgon klokka 08. Planen er å søkje heile dagen, seier Harlem.

Mannen vart meldt sakna måndag morgon etter at han fall i sjøen frå ein fritidsbåt. Store mannskap har søkt både på land og i sjøen etter mannen.

- Regjeringa driv forskjellsbehandling mellom kommunane når dei fordeler flyktningar. Det meiner ordføraren i Eid, og seier fordelinga virkar ugjennomtenkt.
I år kjem mange av turistane her på Vestlandet til å vera nordmenn. 
Det trur turistnæringa, som også forventar rekordbesøk i år.
Nærings- og fiskeridepartementet kuttar talet regionar i Fiskeridirektoratet frå sju til fem. Men regionkontoret i Måløy får halde fram som i dag.