Hopp til innhold

Resultatlaus leiting i Florø

Leitinga etter den sakna mannen i 60-åra i Florø er avslutta for kvelden - utan resultat.

Leiting etter sakna i Florø

LEITING PÅ LAND: Mannskapa leita både på land og i sjøen.

Foto: truls Kleiven

I dag har rundt 50 personar leita i området der dei trur manne har falle i sjøen.

LES OGSÅ: 50-tals personar søkjer etter sakna

– Dei har ikkje funne noko i dag. Leitinga kjem til å halde fram når det lysnar i morgon tidleg, seier operasjonsleiar Johnny Lilleng ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

(Artikkelen held fram under biletet).

Fjord Base 26.3.12

SKODDE: Det var til tider dårleg sikt under leitinga.

Foto: Truls Kleiven

Skal ha falle over bord

Det var natt til måndag mannen vart meld sakna. Då såg mannskapet på ein rutebåt ein båt som låg og dreiv på Florevika. Om bord låg ein mann og sov. Han sa at det hadde vore ein mann til i båten. Denne skal ha falle over bord då han skulle urinere.