Hopp til innhold

Politikarane i Sogndal pussar støv av gamle idéar

Politikarane i Sogndal vil vurdere bompengar for å få realisert ein gamal draum: Å legge trafikken i sentrum under jorda.

Sogndal sentrum

GAMAL DRAUM: Sogndalspolitikarane vurderer bompengar som løysing på trafikkutfordring i sentrum av Sogndal.

Foto: Kjell Arvid Stølen

Den nye Sogndalspakken kan i tillegg bli slått saman med eit anna stort vegprosjekt i kommunen, der ein fire kilometer lang tunnel like utanfor sentrum er eitt av alternativa. Det seier Laura Kvamme i Senterpartiet.

– Vi trur at ved å sette fokus på begge to så kan det kanskje vere ei hjelp til vegvesenet som planlegg å vite at vi er veldig interesserte i å få gjort noko med begge strekningane.

Les også: Sogndal kommune går mot straumen - opnar lommeboka

Byrja planlegginga på 90-talet

Dei to prosjekta har i tiår eksistert berre på skissebrettet. Å la trafikken gjennom sentrum gå under jorda, er ein tanke politikarane har brygga på sidan nittitalet.

Medan planane om å oppgradere vegen frå like utanfor sentrum til museet på Kaupanger, delar av den i tunnel, såg dagens lys for ti år sidan. No ønskjer politikarane å gjere draumar om til verkelegheit.

Les også: I dag forsvann Fatlabommen - Sogn og Fjordane er eit fylke utan bompengar

– Senterpartiet meiner at for å komme ut av denne "ønskje-fasen" så må vi prøve å ta diskusjonen om det skal vere medfinansiering, som er eit anna ord for bompengar.

Bompengar er berre aktuelt for det såkalla miljøloket i sentrum. Og politikarane har berre sagt seg villige til å vurdere ei slik løysing.

– Eit viktig debattinnlegg

Likevel har forslaget brei politisk oppslutning. For Statens vegvesen er signalet viktig, seier Kjetil Kvåle.

– Det er eit viktig signal dersom vi får det samla tilbake frå Sogndal kommune. Då vil vi gå i gang med den vinklinga på det for miljøloket i Gravensteinsgata er eit typisk sentrumsprosjekt som er aktuelt for ei delt finansiering.

Det vil vere eit viktig grep dersom miljøloket skal ha ein sjanse til å kome med i neste Nasjonale transportplan, seier Kvåle.

– Tidspunktet er også rett for å komme med dei lokale politiske innspela, for no byrjar vi å legge grunnlaget for prioriteringane for 2018 og utover.