Hopp til innhold

Rekordstor utbetaling til sauebønder for rovviltskadar

Sauebønder fekk i fjor utbetalt 3,1 millionar kroner i erstatning for rovviltskadar i fylket. Det er den største erstatninga nokon gong.

Lam drepe av jerv

STORE TAP: Jerven sine herjingar har vore ei stor plage for sauebønder i 2014, at alle jervane er ute av Sogn og Fjordane til sommaren 2015 er lite realistisk trur rovdyrforvaltinga.

Foto: Statens Naturoppsyn

Dette er stikk i strid med trenden på landsplan, der erstatningsbeløpet er redusert. Herjingar av ulv i Sunnfjord og jerv i Sogn er hovudgrunnen til rekorderstatninga. 167 sauer og 1026 lam i fylket vart erstatta i fjor.

– Når det blir mykje jerv i Sogn, og ulv i Sunnfjord-området, så blir tapa mykje større enn det vi vande med, seier Vidar Heggheim som er leiar i Naustdal sau- og geitalslag.

Kraftig auke

Medan erstatningsutbetalingane for tap av sauer og lam på beite har gått ned på landsplan det siste året, er situasjonen stikk motsett i vårt fylke. 85 bønder delte på 3,1 millionar kroner i erstatning for sauetap i fjor, ein auke på 2,1 millionar frå året før.

Vidar Heggheim fryktar for livet til sauene sine

FRYKTAR NY ULVESOMMAR: Vidar Heggheim er leiar i Naustdal sau og geitalslag.

Foto: Bård Siem / NRK

I 2012 måtte 41 sauebønder dele på 326.000 kroner i erstatning for sauer som vart drepne av rovdyr.

– I Sogn miste dei sauer ganske tidleg. Jerven byrja å herje tidlegare enn den vanlegvis pleier å gjere. I Sunnfjord, dukka det opp ulv for første gong sidan 1950-talet.

Trur det framleis er ulv i Sunnfjord

Sauebønder fekk erstatta tap 167 sauer og 1026 lam drepne av rovdyr i fjor. Året før fekk dei erstatta tap av 88 sauer og 348 lam. Ulven som har herja i fjella i Sunnfjord vart skoten i desember i fjor, men ifølgje Heggheim er dei framleis ein ulv i området.

– Eg kan seie så mykje at eg veit at det var ulv i området i midten av januar. Dersom den byrjar å drepe sauer på same måte som i fjor, blir det sjølvsagt utfordrande å ha ulven der.