Hopp til innhold

Rekordsommar for cruisetrafikken

Det går mot ein rekordsommar for cruisetrafikken i Sogn og Fjordane. Heile 138 cruisebåtar kjem til Flåm, det er fleire enn nokon gong.

Queen Mary 2
Foto: Eliseo Fernandez / Scanpix/Reuters

Når det i tillegg kjem 55 båtar til Olden blir dette samla ny rekord. John Erik Johnsen, som er hamnesjef i Aurland, er strålande nøgd.

- Det har vore ny rekord kvart år sidan vi starta i 1999. Ikkje berre er det fleire båtar, dei er også store. Vi får mellom anna besøk av verdas største cruiseskip, Queen Mary, og det er jo spanande.  Så i sommar kjem vi til å passere 100.000 cruisepassasjerar, seier han.

 Nøgde i Olden

Og det er ein klar oppgang frå dei vel 90 000 passasjerane som kom til Flåm i fjor. I Olden er det 55 cruiseskip som kjem til sommaren, det er 6 bakom rekordåret i 2003, men Aslak Lefdal i Nordfjord Service Terminal seier seg likevel godt nøgd:

 - Vi startar 9. mai og så går det slag i slag. Dei store skipa kjem i juni. I mai og juli kunne vi hatt fleire anløp, men vi er godt nøgde, seier han.

Ferie for vanlege folk

John Erik Johnsen meiner at hovudårsaka til at det kjem stadig nye rekordar er at det å reise på cruise etterkvart har blitt noko som alle kan gjere.

 - Det har blitt billegare slik at det har vorte ein ferie for vanlege folk. Det er ein generell vekst i den internasjonale cruisemarknaden, seier Johnsen.