Hopp til innhold

Rekordmykje snø før Rallarvegløpet

Store snøfonner ventar deltakarane i Rallarvegløpet som startar i helga. Ei dryg veke før løpet var 25 av dei 81 kilometerane dekte med snø.

Rallarvegløpet 2014

MYKJE SNØ: Aldri tidlegare har så store snømengder venta deltakarane i Rallarvegløpet. Dette biletet vart teke i fjor, i år er snømengdene rekordstore.

Foto: Espen Ringom / Kondis

I tillegg til snømengdene som ligg i fjellet, er det meldt kaldt og blautt vêr til helga. Dermed er det ei strabasiøs ferd i vente for dei 68 påmelde.

– Dei skulle gjerne ønska sol, medvind og femten varmegrader. Men samstundes trur eg dei fleste er innstilte på å fullføre, uansett korleis vêr og føre blir, seier Runar Gilberg i arrangementskomiteen.

Ny snørekord med god margin

Rallarvegsløpet går over to dagar. Første etappe startar ved togstasjonen i Flåm og målgang er på Finse. Distansen er 54 kilometer og går frå havnivå opp til 1334 meter over havet, før det slakkar ned mot målgang på 1222 meter. Dag to startar på Finse med målgang ved Haugastøl, med ein distanse på 27 km

Sjølv på bar veg er Rallarvegsløpet krevjande nok. I år gjer snømengdene det til ei ekstra stor utfordring, spesielt på den første etappen.

– Forhåpentlegvis har det minka ein god del sidan sist vi målte. Men det har vore kaldt den siste veka, så det er god sjanse for at det er mange kilometer igjen, Gilberg.

Uansett står snørekorden for fall. Det meste dei har hatt tidlegare er rundt tre kilometer med snødkte løyper.

Snø langs rallarvegen

FÅR DET TØFT: Dette biletet er teke ei dryg veke før løpet startar og viser at deltakarane skal få nok å stri med.

Foto: Finse 1222

Forventar forfall

Blant deltakarane finn vi Åslaug Golf Kaardal frå Lærdal. Ho er innehavar av løyperekorden på andreetappen og møter sterk motstand frå Adele Johannessen, som vart nummer tre i fjor.

I herreklassen er Erik Sagvolden utpeikt som den store favoritten.

Men for dei fleste av dei 68 påmelde handlar det mest om å vinne over seg sjølv. I år kan dei vente ekstra store utfordringar og Runar Gilberg i arrangementskomiteen trur fleire kan komme til å trekke seg før løpet.

– Vi har allereie elleve løparar som har meldt forfall, så i beste fall blir det 57 til start. Men meir sannsynleg vil det ligge på rundt femti deltakarar som startar i Flåm, seier han.