Hopp til innhold

Rekordmange brannar i gras og skog

Aldri før har det kome meldingar om så mange gras, kratt- og skogbrannar i juni og juli som i år.

Skogbrann i Eid

SKOGBRANN: Slik såg det ut før regnet sløkte brannen ved Lidavarden i Eid søndag.

Foto: Stig Oldeide

Til no har det byrja å brenne i terrenget 19 gonger i løpet av desse to månadane. Det er rekord når ein ser på statistikken for dei siste 14 åra. I same periode i 2008 var det 16 brannar og i 2009 var det 17.

Dagleg leiar Terje Brandsøy ved Alarmsentralen seier ei årsak er den fantastiske sommaren.

– Det har ført til at det har vore tørt i terrenget. I tillegg har vi også hatt dagar med lyn og torever, spesielt i innlandet og i bratt og ulendt terrenget. Lynnedslaga har ført til at det graset har teke fyr, seier han.

Berga av regnet

Heldigvis har det gått bra med sløkkinga og det har ikkje blitt store skader.

– Vi har fått hjelp frå oven til å sløkke dei fleste brannane, for etter torever kjem det regn, seier han.

Brandsøy seier talet på brannar varierer frå år og år. Han seier det truleg har ein samanheng med kor fint sommarvêr vi har.

– Vi vil nok finne samanfall når vi samanliknar med verstatistikken. Det er flest brannar når det er flott og tørt ute.

Med 11 utrykking til gras, kratt- og skogbrannar i juni og åtte så langt i juli, ber han folk vere varsame når dei er på tur.

– Vi ber folk vere spesielt varsame med grilling og open eld. Fleire kommunar har totalforbod med open eld, så det kan vere lurt å sjekke heimesidene til kommunen for oppdatert info, seier han.

Du kan også sjekke yr.no for å finne ut korleis veret og skogbrannfaren blir i dagane framover.

Skogbrann ved Liavarden i Eid kommune.

SJÅ VIDEO: Brannen ved Lidavarden i Eid var den eine av to skogbrannar i kommunen, samt at det var røykutvikling i ein trafostasjon. Alle er sløkt no. (FOTO: Morten Iversen)