Hopp til innhold

Rekordmange born i fosterheim

Aldri før har så mange born budd hos fosterforeldre. No meiner fosterheimstenesta at samfunnsutviklinga går feil veg og at trenden må snu.

Barn

FLEIRE: Stadig fleire born lev i fosterheimar. Det uroar fagfolk.

Foto: Vibecke Wold Haagensen / NRK

I 2010 var det 9200 born i Norge som budde hos ein fosterfamilie. Berre i Sogn og Fjordane har det dei siste tre åra vore ein auke på 40 prosent når det gjeld søknader om fosterheimar.

Jørund Tvedt i barne-, ungdoms- og familieetaten (BUF) er uroa over utviklinga.

– Vi er nøydde til å gjere noko for å få denne trenden til å snu, seier Tvedt som er leiar for fagteamet i bufetaten i Sogn og Fjordane.

Stadig aukande behov

Behovet for fosterheimar har auka kraftig dei siste ti åra. I 2000 var det 6000 born som budde i fosterheim, medan talet i 2010 var 9200. Berre frå 2009 til 2010 auka talet born i fosterheimar med 700 born.

På kontoret til fosterheimstenesta i Førde bruker fagkonsulent Rita Tonning mykje av tida si på å rekruttere potensielle fosterforeldre.

– Vi jobbar med søknader kvar veke, seier Tonning.

Påverka av ein travel kvardag

Tvedt har sidan 1995 arbeidd som leiar for fagteamet i Sogn og Fjordane Han tek imot søknadene frå kommunane til fosterheimstenesta og meiner å sjå ei samfunnsutvikling som heilt klart går feil veg.

– Fleire og fleire born må ha hjelp. Ein viktig kvalitet i born liv er stabilitet, og når det manglar kan det føre til problem, seier Tvedt.

Han trur ein travlare kvardag og fleire skilsmisser har medverka til at talet på barnevernssaker har auka.

– Det er eit sterkt press på at ein skal lukkast og det er mykje individualisme. Dette er trendar som ikkje nødvendigvis bidreg til at folk tek vare på kvarandre, seier Tvedt.

Vi må snu dette

I fosterheimstenesta uroar ein seg no for at ein skal klare å få nok fosterforeldre. I løpet av 2011 vil det vere behov for nesten 1000 nye fosterforeldre. No meiner Tvedt utviklinga har gått for langt.

– Vi er uroa over utviklinga og eg meiner vi må syte for at dette snur. Det krev ein stor innsats frå barnevernet, men også frå andre. Paradokset er at problema oppstår i familiane, men det er også der løysinga ofte finst.