Hopp til innhold

Har fått inn rekordmange søknader om tilskot

Det er rekordhøge tal på søknader om tilskot etter vinterskade på eng i Sogn og Fjordane. Heile 312 søknader, mot vanlegvis berre nokre få.

Angedalen

ISBRANN: Biletet er frå Angedalen i Førde mai 2013. Mange bønder i Sogn og Fjordane har blitt råka av isbrann og har difor for dårlege avlingar.

Foto: Ronny Grimeland / NRK

– Andre år pleier vi berre å ha nokre få søknader, om vi i det heile tatt har nokre, så dette er rekordhøge tal. Vi er ikkje vane med å ha vinterskade i så stor omfang som i år.

Dette fortel assisterande landbruksdirektør Bjørn Harald Haugsvær. Han har fått ei oversikt over dei mange søknadane som har kome inn frå bønder i Sogn og Fjordane, og det er enkelt å sjå at det er nokre kommunar i fylket som er hardast råka.

Bjørn Harald Haugsvær

REKORDHØGE TAL: Assisterande landbruksdirektør Bjørn Harald Haugsvær har fått inn søknader om tilskot.

Foto: Tale Hauso / NRK

Indre Sunnfjord, Naustdal, Gaular, Jølster og Førde har fått den hardaste trøkken. Der har det vore mykje vinterskade og dei har fått for lite fòr i år. I tillegg er det litt i Gloppen og Sogndal.

ISBRANN

Stort sett har det gått fint i Sogn og Fjordane om vinteren. Enga har låge klar når våren kjem og gitt gode avlingar, men dette skjedde ikkje i vår. Grunnen til dette var isbrann.

– I januar låg det snø og så kom det regn. Dette regnet la seg i snøen og så fraus det til igjen. Dette låg til etter påske og graset vart rett og slett kvelt. Det låg eit tett teppe over enga, då fekk ikkje graset oksygen og vart forgifta, forklarar Haugsvær.

– For bøndene har det blitt mykje ekstra arbeid, fordi dei måtte pløye og så. I tillegg har dei fått betydeleg mindre vinterfòr enn dei må ha, mange berre ein tredje del. Då går dei inn i vinteren med lite fòr og må kjøpe mykje for å ha nok mat til dyra. Nokon må til og med redusera buskapen fordi dei ikkje kan ha meir dyr enn det dei har fòr av.

Verre enn frykta

Ole Johnny Stubhaug er ein av mange bønder som har blitt råka av isbrannen og har for dårlege avlingar.

Ole Johnny Stubhaug

FORTVILA: Bonde Ole Johnny Stubhaug

Foto: Tale Hauso / NRK

– På grunn av isbrannen vart det altfor dårleg. Avlinga har vore frykteleg treig.

Eg har ikkje opplevd liknande før

Bonde Ole Johnny Stubhaug

Stubhaug måtte difor gjødsla enkelte stykke tre gongar, utan at det gav effekt.


– Det vart nok verre enn eg frykta, eg var eigentleg optimistisk og tenkte at dette kanskje kunne gå bra, men det gjorde det jo ikkje. Naboen slo til dømes ingenting heime, der er alt nytt.

Tal frå fylkesmannen viser at 20% av enga i Sogn og Fjordane er sådd opp på nytt dette året.

Tilskot på heile fem millionar kroner

Det samla beløpet på tilskot til reparasjon av vinterskade vil kome på heile fem millionar kroner.

– Vi gjev tilskot sånn at bøndene har råd til å kjøpa frø, men diesel, maskiner, traktorar og arbeidsinnsats må bøndene betale for sjølv.

I tillegg til støtte for frø kan bøndene også søkje om avvlingsskadeerstatning og søknadsfristen for dette er 31. oktober.

Haugsvær trur difor at dei samla kostnadene etter vinterskaden vil bli høge.

– Vi reknar med at det beløpet blir større enn det beløpet vi har betalt ut no, så det blir mange millionar i tilskot på grunn av denne vinterskaden.