Hopp til innhold

Rekordforsøket er i gang

Volleyballkampen som etter planen skal vare i fire dagar er no inne i sitt andre døgn.

Elevane ved Sunnfjord folkehøgskule vil prøve å setje verdsrekord. Lengste volleyballkamp nokon gong skal etter planen gå frå måndag 22. sept til fredag 26. sept.

FØLG KAMPEN LIVE: NRK.no sender live frå kampen, dag og natt.

Det er elevar ved Sunnfjord Folkehøgskule skal prøve å sette ny verdsrekord i volleballmaraton.

– Ja, vi er nok litt galne seier Karoline Halvorsen og Lars Andre Alstad som skal vere med på forsøket.

Før kampen starta, fortel dei at dei både gruar og gler seg til dei lange dagane som no vert fylt med volleyball.

– Den største utfordringa vert nok å halde humøret oppe. Det er jo snakk om måndag til fredag, så det er fort gjort at ein vert lei av å sjå på ein ball heile dagen, ler Alstad.

(Artikkelen held fram under biletet)

Karoline Halvorsen og Lars Andre Alstad

KLARE TIL KAMP: På kvart sitt lag skal dei denne veka spele kamp i over 85 timar i strekk. F.v.: Karoline Halvorsen og Lars Andre Alstad.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Med programleiar Silje Guddal.

Fire timar på og fire timar av

Den gjeldande rekorden er på heile 85 timar som elevane no skal prøve å slå. Det betyr kontinuerleg volleyball-speling frå klokka 18.00 måndag kveld til minimum klokka 07.00 fredag morgon.

Dei har allereie hatt generalprøve som gjekk veldig bra, men den varte berre i 12 timar.

– Humøret gjekk opp og ned, men vi spelte mykje musikk og folk fekk sleppe seg laus med litt dansing inni mellom, fortel Halvorsen

Rekordforsøk i volleybal

LANG KAMP FØRE SEG: Elevane ved Sunnfjord Folkehøgskulen har verdas lengste volleyballkamp føre seg når dei i kveld startar rekordforsøket

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Etter reglane må kvar spelar vere på bana tolv timar i døgnet. Det er lagt opp til ein turnus på fire timar av og fire timar på.

– Det blir nok ikkje like intensiv speling heile tida, men vi skal prøve å ha volleyballspeling, seier Halvorsen som legg til at det nok blir vanskeleg om dei skal ha høgt aktivitetsnivå heile tida.


Målet er Guinness Rekordbok

Trenar Magne Hornnes er mannen bak ideen til forsøket. Elevane sa ja med ein gong.

Målet er å kome i Guinness Rekordbok. Altstad seier det er veldig strengt og at kvart minutt vert loggført.

– Men eg trur vi har full kontroll, seier han.

Elevar ved Sunnfjord Folkehøgskule skal ta gjere eit forsøk i å ta verdsrekord i volleyball.

STARTSKOTET: Slik såg det ut i det den lange kampen starta. Foto: Eli Eikenæs Vengen.